From Wikipedia, the free encyclopedia
Alex Harvey (fødd 7. september 1988) er ein kanadisk langrennar frå staten Québec, som vart verdsmeister i lagsprint i 2011 og på 50 km i 2017. Han har dessutan sikra seg eitt VM-sølv og to VM-bronsar i same tidsrommet.
Alex Harvey | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 7. september 1988 (36 år) Saint-Ferréol-les-Neiges |
Idrett | langrenn, sykkelsport |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018 |
Harvey vann VM-gull på lagsprinten saman med Devon Kershaw under Ski-VM 2011 i Holmenkollen etter å ha spurta forbi norske Ola Vigen Hattestad på oppløpet. Individuelt kom han på femteplassen på femmila i same meisterskapen. To år seinare kneip Harvey bronsemedaljen i sprinttevlinga då Ski-VM 2013 fann stad i Val di Fiemme i Italia. Ved Ski-VM 2015 i Falun kleiv han eitt steg opp på sigerspallen i den same øvinga, einast nordmannen Petter Northug heldt han bak seg. To dagar etterpå tok Harvey bronsemedaljen på 30-kilometeren.
Under Ski-VM 2017 i Lahti vart Harvey femtemann på tremila. Vel ei veke seinare gjorde han sitt livs løp og tok sitt fyrste individuelle meisterskapsgull, etter å ha vunne spurten i ein rekordsnøgg 50 km i fristil.
Også faren Pierre Harvey var ein internasjonal toppløpar i langrenn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.