From Wikipedia, the free encyclopedia
David Clayton-Thomas (fødd 13. september 1941 som David Henry Thomsett) er ein kanadisk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist i det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Clayton-Thomas har blitt innlemma i Canadian Music Hall of Fame og i 2007 vart songen hans «Spinning Wheel» innlemma i Canadian Songwriter's Hall of Fame. I 2010 fekk Clayton-Thomas ei stjerne på Canada's Walk of Fame.
David Clayton-Thomas | |||
Clayton-Thomas på scenen i Gulfstream Park i Hallandale i Florida | |||
Fødd | 13. september 1941 (83 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kingston upon Thames, Surrey, England | ||
Fødenamn | David Henry Thomsett | ||
Opphav | Canada, USA | ||
Aktiv | Sidan tidleg i 1960-åra | ||
Sjanger | R&B, rock, funk, pop, jazz | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Blood, Sweat & Tears | ||
Verka som | Songar, musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | Canadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame |
Clayton-Thomas byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra og arbeidde på klubbar i Yonge Street i Toronto. Før han flytta til New York City i 1967, var Clayton-Thomas frontmann i dei lokale banda The Shays og The Bossmen, eit av dei første rockebanda med eit element av jazz. Men den verkelege suksessen fekk han først nokre år seinare då han vart med i Blood, Sweat & Tears.
Det første albumet til Clayton-Thomas med bandet, Blood, Sweat & Tears kom ut i desember 1968 og selde ti millionar eskemplar verda over. Albumet låg sju veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og låg inne på lista i 109 veker. Det vann òg prisen for årets album i USA, og Grammyprisen for beste mannlege vokalist. Det inneheldt tre hitsinglar, «You've Made Me So Very Happy», «Spinning Wheel» og «And When I Die», som kvar nådde andreplassen på singellista i USA.[1]
Med Clayton-Thomas som frontmann i bandet, fortsette BS&T med ei rekkje hitalbum, som Blood, Sweat & Tears 3 med Carole King sin «Hi-De-Ho» og Clayton-Thomas sin «Lucretia MacEvil», og Blood, Sweat & Tears 4, som inneheld nok ein Clayton-Thomas-skriven hitsingel, «Go Down Gamblin'» og «Lisa Listen to Me».
I 1972 gav Clayton-Thomas ut det første soloalbumet sitt etter BS&T, berre kalla «David Clayton Thomas». I 1973 kom det andre soloalbumet hans, Tequila Sunrise og i 1974 Harmony Junction. I 1975 kom Thomas attende som frontmann i Blood Sweat & Tears for albuma New City og More Than Ever i 1976. I 1977 gav dei ut Brand New Day, før Thomas i 1978 gav ut eit nytt soloalbum, berre kalla Clayton. I 1980 gav BS&T ut albumet Nuclear Blues med Thomas. I 2004 drog Clayton-Thomas frå New York til Toronto og skipa sitt eige ti mann store band. Sidan då har han turnert og spelt inn fleire album under sitt eige namn.
År | Tittel | Plateselskap |
---|---|---|
1969 | David Clayton-Thomas! | Decca |
1972 | David Clayton-Thomas | Repertoire |
1972 | Tequila Sunrise | Columbia |
1973 | Harmony Junction | RCA |
1977 | Clayton | ABC Music |
1998 | Blue Plate Special | Stony Plain |
1999 | Bloodlines | DCT |
2001 | The Christmas Album | Fontana North / Maplecore |
2005 | Aurora | Justin Time |
2006 | In Concert: A Musical Biography | Justin Time |
2007 | The Evergreens | Fontana North / Maplecore |
2009 | Spectrum | |
2010 | Soul Ballads | Fuel |
2013 | A Blues for the New World | Antoinette |
2015 | Combo | Audio & Video Labs, Inc. |
2016 | Canadiana | Antoinette / Ils / Universal |
2018 | Mobius | Ils |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.