Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
David Ben-Gurion[1] (16. oktober 1886–1. desember 1973) var ein israelsk politikar, nasjonalhelt og den første statsministeren i landet (1948-1953, 1955-1963) for Det israelske arbeidarpartiet.
David Ben-Gurion | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Det osmanske riket, Palestinamandatet, Israel |
Fødd | 16. oktober 1886 Płońsk |
Død |
1. desember 1973 (87 år) |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar, sionist |
Språk | hebraisk, jiddisch, tyrkisk, polsk |
Politisk parti | Mapai, Rafi, National List, Poale Sion, Ahdut HaAvoda |
Medlem av | Histadrut, Jewish National Council |
Religion | Jødedommen |
Far | Avigdor Ben Gurion |
Ektefelle | Paula Ben-Gurion |
David Ben-Gurion på Commons |
Ben-Gurion utropte den sjølvstendige staten Israel i Tel Aviv den 14. mai 1948.
Ben-Gurion vart fødd som David Grün i Płońsk i den russiske delen av Polen, og vart alt i unge år aktiv sosialist. I 1905 skipa han ein jødisk forsvarsorganisasjon, som reaksjon på pogromar, og han vart derfor fengsla. Året etter emigrerte han til Palestina, som var under osmansk herredøme, og der arbeidde han i jordbruket. Årsaka til innvandringa hans var at han i Polen stifta bekjentskap med den sionistiske rørsla.
I 1915 vart Ben-Gurion utvist frå Palestina, og han slo seg då ned i USA der han arbeidde etter si sosialistiske og sionistiske overtyding. Til hans engasjement då han budde i USA høyrer det at han skipa ein jødisk legion, som stridde på Storbritannia si side mot Tyrkia i 1918. Først i 1921 vende Ben-Gurion tilbake til Palestina, der han skipa Mapai, det sionistiske sosialdemokratiske partiet, som han vart leiar for i 1930. I 1935 vart han generalsekretær for Histadrut, i dag Israels LO. Dessutan deltok han i skipinga av det som skulle bli den israelske hæren, militsen Haganah.
Då FN hadde teke avgjerd om delinga av Palestina i 1947, vart Ben-Gurion leiar for Israels nasjonalråd, og året etter vart han leiar for Haganah.
Den 14. mai 1948 vart Ben-Gurion provisorisk statsminister for Israel. Attåt det var han landet sin forsvarsminister. Han leidde derfor krigen i 1948. Han oppmuntra òg aktivt jødisk innvandring til den nye staten.
I 1953-1955 verka det som at Ben-Gurion hadde forlate politikken for eit roleg liv på kibbutzen Sdeh Boker, men i februar sistnemnde året tiltredde han som forsvarsminister, og i november som statsminister. Han vart dermed den som leidde invasjonen av Egypt under Suezkrigen. I 1963 tok han avskjed frå regjeringa, og frå Knesset i 1970.
Med tida tok Ben-Gurion avstand frå den politiske utviklinga i Israel, prøvde å skipe eit sosialistisk opposisjonsparti som alternativ til Mapai, men drog seg til slutt tilbake til kibbutzen, der han døydde i 1973. Han blir sedd på som Israels grunnleggjar og landsfader, og som den som klarte å omsetje dei sionistiske utopiane til realitetar.
I ettertid er Ben-Gurion minna mange stader i Israel. Talrike vegar, Den internasjonale flyplassen Ben Gurion i Tel Aviv og Ben-Gurion-universitetet i Negev er oppkalla etter han.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.