From Wikipedia, the free encyclopedia
Dario Fo (24. mars 1926–13. oktober 2016)[1] var ein italiensk dramatikar og teaterregissør, scenograf, komponist, satirikar og skodespelar.
Dario Fo | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 24. mars 1926 Sangiano, Leggiuno |
Død |
13. oktober 2016 (90 år) |
Yrke | sceneinstruktør, teaterskodespelar, manusforfattar, komponist, skodespelforfattar, filmskodespelar, illustratør, kunstmålar, lyrikar, scenograf, satiriker, skribent, kostymedesignar, skodespelar, biletkunstnar, regissør, stage author, Nobel Prize winner, teaterdirektør |
Politisk parti | Rifondazione Comunista |
Sjanger | komedie |
Medlem av | Collège de ’Pataphysique, American Academy of Arts and Sciences |
Religion | buddhisme |
Ektefelle | Franca Rame |
Born | Jacopo Fo |
Dario Fo på Commons |
Fo revitaliserte commedia dell'arte-kunsten, og for det løna Svenska Akademien han med Nobelprisen i litteratur for 1997; «han som lik mellomalder-narrane refsar makthavarane og held oppe vørdnaden til dei undertrykte.»[2][3]
Dario Fo fekk gjennombrotet sitt i 1953 med revyen Il dito nell'occhio. I 1958 stifta han saman med kona Franca Rame teaterselskapet Compagnia Fo-Rame. Dei gjekk i 1968 inn i teaterkollektivet Nuova scena som var eit agitasjonsteater knytt til kommunistpartiet. Fo og Rame stifta teaterkollektivet La Comune i 1970.
Ideen med skjult teater er å framføre scener eller situasjonar i det offentlege rom – til dømes i ein supermarknad, på ein busshaldeplass, i ei gågate – utan at det er annonsert på førehand. Målet er å sprenge dei kunstnarlege rammene for teateret og dra problemstillingane i stykket tilbake til den røyndomen dei kjem frå. På grunn av samfunnsrefsinga som ligg i Fo sine stykke blir dei ofte brukt på denne måten. Han sjølv blei fleire gonger arrestert på scena.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.