Danmark-Noreg var ein personialunion mellom kongeriket Danmark og kongeriket Noreg som også omfatta Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrte av éin sams konge. Særleg vert Danmark-Noreg nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537, eller frå 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter reformasjonen i 1537 var ikkje noko eige norsk riksråd til, og kongen fekk meir makt.
Danmark–Norge | |||||
Personalunion | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Kart over Danmark–Noreg rundt 1780. | |||||
Hovudstad | København | ||||
Språk | Dansk og norsk, også tysk, islandsk, færøysk, samisk, grønlandsk. Berre dansk og tysk var nytta som skriftspråk. | ||||
Religion | Lutheranisme | ||||
Styreform | Valkongedøme til 1660, einevelde frå 1660 | ||||
Konge | Frederik I av Danmark-Noreg (den første) | ||||
Frederik 6. (sidste) | |||||
Historisk periode | Tidleg moderne Europa | ||||
- Gustav Vasa vald som konge av Sverige | 6. juni 1523 | ||||
- Samanbrotet av Kalmarunionen | 1523 | ||||
- Rigkrådet avskaffa | 14. oktober 1660 | ||||
- Lex Regia stadfesta eineveldet | 14. november 1665 | ||||
- Freden i Brømsebro | |||||
- Roskildefreden | 26. februar 1658 | ||||
- Freden i Kiel | 14. januar 1814 | ||||
- Wienerkongressen | September 1814–9. juni 1815 | ||||
Innbyggjarar | |||||
- 1645 est. | 1,315,000³ | ||||
- 1801 est. | 1,859,000³ | ||||
Valuta | Riksdalar og skillingar | ||||
¹ Frederik 6. var regent for far sin, og var de facto konge frå 14. april 1784. Han forsette å regjera Danmark etter freden i Kiel til han døydde i 1839. ² Danmark (43 094 km²), Slesvig-Holstein (15 763 km²), Noreg (hovudland) (324 220 km²), Færøyane (1 399 km²), Island (103 000 km²). (Pluss Grønland med 2 175,600 km².) |
Nemninga «Kongeriket Danmark» vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Slesvig og Holstein hadde kongane herredøme over som hertug. Dei vart ikkje rekna med i kongeriket Danmark.
Tida under Danmark vert gjerne kalla dansketida i Noreg, og var dei fyrste 434 år av unionstida. På 1800-talet vart tidsrommet omtala som «400-års-natta».
Namn
Omgrepet Danmark-Noreg (og dansketida) er berre brukt i moderne tid. I samtida blei heilstaten omtalt som Danmark, den danske krona (kron zu Dennemarck) eller Tvillingrigerne.[3]
Historie
- Tidsline
- 1536-1537. Reformasjonen i Danmark-Noreg.
- I 1645 gjekk Jemtland, Herjedalen, Gotland og Ösel til Sverige (frå Noreg) som følge av Freden i Brömsebro.
- I 1658 gjekk Trondhjems len, Skåne, Blekinge, Halland, Bohuslän, og Bornholm, til Sverige som følge av Freden i Roskilde.
- 1660. Freden i København - Trondhjems len og Bornholm attende frå Sverige.
- 1660 - Innføring av einevelde i Danmark-Noreg.
- 1814 - Kieltraktaten. Noreg blei overført til union med Sverige.
Administrasjon
Administrativ inndeling
Forvaltingsområda hadde nemningane len og syssel.
Amt var frå 19. februar 1662 eit namn på forvaltingsområda i Danmark og dei i notidas Noreg .
Koloniar
Sankt Thomas i det karibiske havet blei erobra av Danmark-Noreg i 1666, og frå 1672 hadde styresmaktene kontroll over øya gjennom Vestindisk-guineisk Kompagni. Dansk-norsk slavehandel tok til i 1673.[4]
Frå Danmark-Noreg starta kolonitida si til transatlantisk slavehandel blei forbode den 1. januar 1803 skal det ut frå rekneskap ført på norske og danske skip ha blitt frakta rundt 85 000 personar frå Afrika som slavar til St. Thomas, St. Jan og St. Croix.[4]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.