svensk skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Daniel «Dan» Andersson (6. april 1888–16. september 1920) var ein svensk forfattar og musikar. Andersson blir rekna til arbeidardiktarane i Sverige, men diktinga hans er ikkje avgrensa til denne sjangeren. Eit pseudonym han nytta var «Black Jim».
Dan Andersson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 6. april 1888 Skattlösberg |
Død |
16. september 1920 (32 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, komponist, omsetjar, kolbrennar, tømmerfløytar |
Dan Andersson på Commons |
Dan Andersson vart fødd den 6. april 1888 i skulehuset i Skattlösberg i Grangärde socken (i noverande Ludvika kommun) i Dalarna. Han voks opp i tronge kår i Skattlösberg der faren, skulelæraren Adolf Andersson og kona, lærarinna Augusta Scherp, arbeidde i skulen. Staden ligg i dei såkalla finnskogane sør i Dalarna, dit skogfinnar hadde flytta for å bryte jord til nye heimar. På farssida hadde Dan Andersson aner frå desse nybyggarane, medan mora hadde slekstrøter frå Vallonia. Han hadde to eldre brør og ein yngre bror. Systera Anna var fødd i 1899, henne tileigna Andersson diktet «Till min syster» på hennar 18-årsdag.
Dan Andersson lærde å lese som femåring. I 1896, ved åtteårs-alderen, deltok han i slåtten på ein gard på Lövberget og fekk ei fele som han lærte seg å spele på. Han lærte seg også engelsk språk. I 1901 vart han medlem i Blå Kors-losjen Skogsblomman, seinare i godtemplarlosjen i Flen.
Fjorten år gammal reiste Andersson åleine med toget til Göteborg, tok båten til Grimsby i England og tog til Liverpool, deretter amerikabåten til New York og til slutt tog til Minnesota. Reisemålet var farmen til farsystra Sara og Carl Petter Andersson i Forest Lake, nord for Minneapolis. Etter å ha arbeidd på garden deira reiste han om sommaren til Sandy Lake, 15 km nord for Tamarack i Aitkin County i Nord-Minnesota der farbroren Simon Andersson budde. I eit brev heim til Sverige fortalde Dan Andersson faren at vilkåra for slektningane i USA ikkje var mykje betre enn for dei heime i Sverige. Faren skreiv attende og bad han kome heim. Han kom tilbake til Sverige og var attende i Skattlösberg den 16. desember.
Familien Andersson flytta frå Skattlösberg i 1905. I åra 1911–1915 budde Dan Andersson med foreldre og søsken atter i Skattlösberg, i Luossastugan. Dan Andersson skreiv ein heil del forteljingar og dikt i desse åra. Store delar av Kolarhistorier og Kolvaktarens visor må ha blitt til her.
I åra 1914–15 var Dan Andersson elev ved Brunnsviks folkhögskola, saman med mellom andre Harry Blomberg og Ragnar Jändel. Han var òg god ven med Karl Lärka. Frå den tid var han verksam som forfattar, skreiv dikt og viser om mellom anna heimbygda si. Til hans fremste tolkarar høyrer Gunde Johansson og Thorstein Bergman, men han tonesette sjølv òg nokre av sine dikt – dei kan hende mest kjende er Till min syster og Jungman Jansson. Han spelte både trekkspel og fele. Dan Andersson var medarbeidar i Ny Tid i Göteborg 1917–18 og omsette dessutan tekster av Rudyard Kipling og Charles Baudelaire til svensk.
Han gifta seg 19. juni 1918 med skulelærarinna Olga Turesson, søster til trubaduren Gunnar Turesson.
Dan Andersson døydde på rom 11 på hotell Hellman i Stockholm den 16. september 1920, dit han var komen for å søke arbeid i avisa Social-Demokraten. Hotellpersonalet hadde røykt med blåsyre mot vegglus, men ikkje lufta ut i samsvar med retningslinjene. Klokka 3 på ettermiddagen vart Dan Andersson funnen daud. Også forsikringsinspektøren Elliot Eriksson frå Bollnäs døydde av same årsak.
Dan Andersson er gravlagd på Lyvikens kyrkogård i Ludvika.
Poesien etter Dan Andersson, med sin naturmystikk og søkjing etter guddom, har til denne tid vorte lesen og akta i heimlandet. Sandrews laga filmen En drömmares vandring med Jarl Kulle i hovudrolla som Dan Andersson. Viser og dikt frå lydsporet til filmen vart gjevne ut på to LP-plater på 1960-talet. Sofia Karlsson spelte i 2005 inn ei nytolking av Anderssons viser. Dikta har elles vorte tolka av mange andre song-artistar gjennom åra, til dømes Hootenanny Singers, Gunde Johansson, Thorstein Bergman, Staffan Hellstrand, Rolf Wikström, Pär Sörman, Love Explosion, Gunnar Turesson, Joakim Thåström og Dan Anderssons namnebror Dan Viktor Andersson med kunstnarnamnet Dan Viktor. Songen Om Black Jim av Joakim Thåström er ei hylling av Dan Andersson.
I 1988 gav det svenske Postverket ut to frimerke til 100-årsjubileet for Anderssons fødsel. Ei byste av Dan Andersson er reist over på Järntorget i Göteborg og i kyrkjeparken i Ludvika.
Eit Dan Andersson-museum er reist i Ludvika. Første veka i august blir det i Ludvika kommun halde ei Dan Andersson-veke med program og aktivitetar. Veka blir avslutta med ein Luossa-fest i Skattlösberg.[1][2]
Den norske musikaren Åge Aleksandersen gav i oktober 2006 ut albumet Snöharpan med tekstar av Dan Andersson. Den norske visesongaren Alf Cranner redigerte i 1976 Andersson: Dikt i utvalg (Den norske bokklubben) (ISBN 82-525-0265-2)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.