Condoleezza Rice
From Wikipedia, the free encyclopedia
Condoleezza Rice (fødd 14. november 1954) er ein USA-amerikansk professor, diplomat og forfattar. Ho var den sekstisjette utanriksministeren i USA, og den andre under president George W. Bush, mellom 2005 og 2009. Rice var den fyrste afroamerikanske kvinna som var utanriksminister i landet, den andre afroamerikanske personen (etter Colin Powell) og den andre kvinna (etter Madeleine Albright). I den fyrste presidentperioden til Bush var Rice den nasjonale tryggleiksrådgjevaren hans. Før ho vart med i regjeringa til George W. Bush, var ho professor i statsvitskap ved Stanford University, der ho var provost frå 1993 til 1999. Rice var rådgjevar i sovjet- og austeuropasaker for president George H.W. Bush under fallet til Sovjetunionen og då Tyskland vart sameint att.
Condoleezza Rice | |||
![]() | |||
Fødd | 14. november 1954 (70 år) Birmingham i Alabama | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | USA | ||
Parti | Det republikanske partiet | ||
Religion | Protestantisme | ||
Yrke | politikar, skribent, statsvitar, diplomat, sjølvbiograf, pedagog, universitetslærar, pianist, akademikar | ||
Institusjonar | Stanford University | ||
Utdanna ved | University of Denver University of Notre Dame Josef Korbel School of International Studies | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences Phi Beta Kappa | ||
Verv | Utanriksminister i USA 2005-2009 | ||
Føregangar | Colin Powell | ||
Etterfylgjar | Hillary Clinton | ||
Alle verv |
I byrjinga av perioden sin som utanriksminister, stod Rice i spissen for ein plan som hadde fokus på demokrati i Midtausten og områda rundt («Transformational Diplomacy»). Fokuset hennar på å støtte demokratisk valde regjeringar møtte motstand fordi Hamas, som støtta muslimske militantar, fekk eit stort fleirtal i det palestinske valet, og fordi store land som Saudi-Arabia og Egypt heldt fram med autoritære system med støtte frå USA. Medan ho var utanriksminister leidde ho også styret i Millennium Challenge Corporation.[1]
I mars 2009 vende Rice tilbake til Stanford University som professor i statsvitskap og «Thomas and Barbara Stephenson Senior Fellow» i offentleg politikk på Hoover Institution.[2][3]
Bibliografi
- The Soviet Union and the Czechoslovak Army: Uncertain Allegiance (Princeton University Press, 1984)
- The Gorbachev Era (Stanford Alumni Association, 1986, saman med Alexander Dallin)
- Germany Unified and Europe Transformed: A Study in Statecraft (Harvard University Press, 1995, saman med Philip D. Zelikow)
- «Campaign 2000: Promoting the National Interest | Foreign Affairs» i Foreign Affairs (2000)
- The Strategy of Campaigning: Lessons from Ronald Reagan and Boris Yeltsin (University of Michigan Press, 2007, saman med Kiron K. Skinner, Serhiy Kudelia og Bruce Bueno de Mesquita)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.