From Wikipedia, the free encyclopedia
Color Line Stadion er den norske fotballklubben Aalesund si heimebane. Arenaen, som blei opna 16. april 2005, ligg i byen Ålesund i Møre og Romsdal.
Color Line Stadion har kunstgras, og anlegget erstatta den gamle bana Kråmyra før 2005-sesongen. Tilskodarkapasiteten er 11 000, og tilskodarrekorden er 10 903 mot Hamarkameratene den 3. august 2005. Den første kampen blei spela mot Odd Grenland, og det første målet på arenaen blei skåra av Olivier Occean. Den første Aalesundspelaren som skåra på bana var Lasse Olsen.
Aalesund FK var ivirige etter å sikre seg tostjerners-sertifikatet til FIFA og få banen godkjend til internasjonale kampar. Det ville tyde at det kunne arrangerast internasjonale kampar på Color Line stadion. Men då FIFA inspiserte bana hausten 2006, strauk Color Line i den såkalla «balltesten». Balltesten går ut på at ein rullande fotball blir sendt av garde med ein viss fart, og skal stoppe etter eit visst tal meter. Etter FIFA sine vurderingar rulla ballen litt for langt, og dermed strauk Color Line stadion på «FIFA-testen». Grunngjevinga var at friksjonen var for svak. Bana fekk dermed ikkje FIFA-godkjenning. Det vart bytt kunstgrasdekke framfor 2008-sesongen. Bana er no godkjend av FIFA.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.