embetsmann og medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll From Wikipedia, the free encyclopedia
Claus Bendeke (3. desember 1763–29. mai 1828) var ein norsk embetsmann og eidsvollsmann.[1]
Claus Bendeke | |||
Claus Bendeke på ein kopi av Christian Olsen | |||
Fødd | 3. desember 1763 Vang på Hedemarken | ||
---|---|---|---|
Død | 29. mai 1828 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sjølvstendepartiet | ||
Yrke | Amtmann | ||
Verv | Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll | ||
Alle verv |
Bendeke var fødd i Vang i Hedmark, der faren hans var sorenskrivar. Han vart cand. jur. i 1788. Deretter var han handelsinspektør for kvalfangsten og handelen i handelskoloniane på Grønland. Som Danmarks inspektør var han den som innførte bruken av pengar på Grønland. Frå 1801 laga han kredittsetlar som avrekning til kvalfangarane. Setlane var enkelt laga, Bendeke sjølv laga dei av spelkort.[2]
År 1804 vart Bendeke amtmann i Hedemarkens amt. Ni år seinare vart han pålagd i å få orden på forretningane sine, gjekk av i 1816. Han byrja då som assessor i Kristiansands stiftsoverrett, justitiarius for denne i 1823.
I 1814 var Bendeke utsending frå Hedmark til riksforsamlinga på Eidsvoll.[3][4] Han høyrde til sjølvstendepartiet, og var visepresident 2.-9. mai 1814.
Han døydde i Kristiansand i 1828.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.