fransk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Claude Makélélé Sinda (fødd 18. februar 1973) er ein fransk tidlegare fotballspelar fødd i Kinshasa, oppvaksen i Paris. Han vann Meisterligaen med Real Madrid og vart seriemeister i både heimlandet, Spania og England. Makélélé deltok i 71 landskampar for Frankrike og fekk VM-sølv i 2006. Han var defensiv midtbanespelar; markeringsflink, taklingssterk og med stor løpsstyrke.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Claude Makélélé Sinda[1] | ||
Fødselsdato | 18. februar 1973 (51 år)[2] | ||
Fødestad | Kinshasa i Zaire | ||
Høgd | 1,74m[3] | ||
Posisjon | Defensiv midtbane[4] | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Chelsea[5] | ||
Ungdomsklubbar | |||
1989–1990 | US Melun | ||
1990–1991 | Stade Brestois | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1991–1997 | Nantes | 169 | (9) |
1997–1998 | Marseille | 32 | (2) |
1998–2000 | Celta Vigo | 70 | (3) |
2000–2003 | Real Madrid | 94 | (0) |
2003–2008 | Chelsea | 144 | (2) |
2008–2011 | Paris Saint-Germain | 98 | (1) |
Totalt | 607 | (17) | |
Landslag | |||
1995–1996 | Frankrike U21 | 11 | (1) |
1995–2008 | Frankrike | 71 | (0) |
Trenar for | |||
2011–2013 | Paris Saint-Germain (assistent) | ||
2014 | Bastia | ||
2017 | Swansea City (assistent) | ||
2017–2019 | Eupen | ||
2019– | Chelsea | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Makélélé var aktiv i FC Nantes frå 1992 til -97, ein klubb han vart seriemeister med i 1995. Etter ein sesong i Olympique Marseille og to sesongar i Celta Vigo vart han sommaren 2000 overført til Real Madrid. Med den spanske storklubben vart han ligameister i 2001 og 2003, og vinnar av Meisterligaen 2002. Mot 16,8 millionar pund vart han Chelsea-spelar sommaren 2003. Frå 2004 hadde han ei sentral rolle i London-laget, eit lag som vart ligameister 2005, 2006 og som triumferte i FA-cupen 2007, samt sigra to gongar i ligacupen. Våren 2008 deltok han i meisterligafinalen mot Manchester United som med tap etter straffesparkskyting. Deretter var han i tre år fram til 2011 i teneste for Paris Saint-Germain, med siger i den nasjonale cupen som høgdepunkt.
Makélélé var landslagsspelar i 13 år. Han debuterte 22. juli 1995 borte mot Noreg på Ullevål stadion i Oslo i eit mållaust oppgjer. I sin tredje landskamp var han innbytar for Zinédine Zidane då Frankrike og Noreg spelte 3-3 i Marseille 25. februar 1998. Fyrst hausten 2000 fekk han sin fjerde landskamp. Han spelte ein kamp under Fotball-VM 2002 og tre kampar i Fotball-EM 2004. Under verdsmeisterskapen 2006 i Tyskland spelte han heile kampen då Frankrike tapte finalen mot Italia. Sine tre siste landskampar spelte Makélélé i EM i fotball 2008. Han skåra aldri på landslaget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.