Cartagena i Spania

From Wikipedia, the free encyclopedia

Cartagena i Spania

Cartagena er ein by i Spania ved Middelhavet og ein marinebase for den spanske marinen søraust på Den iberiske halvøya. Han ligg i den autonome regionen Murcia. Cartagena har kring 220 000 innbyggjarar og er den nest største i regionen. Han er den sjette største byen i Spania av dei som ikkje er provinshovudstader og den 24. største totalt.

Kjappe fakta Land, Region ...
Cartagena
by
Thumb
Thumb
Våpenskjold
Kallenamn: Kulturhamna
Land  Spania
Region Murcia
Høgd 10 m
Areal 558,08 km²
Folketal 219 777 (2024)
Grunnlagd 227 fvt.
Postnummer 30200–30300
Retningsnummer 968
Thumb
Cartagena i Spania
37.601944444444°N 0.98416666666667°W / 37.601944444444; -0.98416666666667
Wikimedia Commons: Cartagena, Spain
Lukk

Cartagena har vore senter for den spanske marinen sidan Huset Bourbon tok over makta i Spania på 1700-talet.[1] Heilt tilbake til 1500-talet var han ein av dei viktigaste marinebasane i Spania, i lag med Ferrol i nord. Byen er omringa av bymurar og har ei fin hamn som er forsvart av festningar. Cartagena er no ei viktig hamn for cruiseskip.[2]

Fleire andre stader er kalla opp etter byen, som Cartagena i Colombia.

Geografi

Cartagena består av ei stor slette som grensar til kystfjella i både nord og sør. Gamlebyen grensar til fem små åsar (Molinete, Monte Sacro, Monte de San José, Despeñaperros og Monte de la Concepción). Tidlegare var det ein innsjø mellom åsane som heitte Estero, men denne tørka inn og ein bydel vart bygd her på byrjinga av 1900-talet.

Thumb
Fyret Cabo de Palos.

Klima

Varmt og halvtørt klima dominerer området. Nærleiken til havet jamnar temperaturen ut. Den kaldaste månaden er januar med ein normaltemperatur på 12 °C og august er den varmaste med ein normal dagtemperatur kring 35 °C. Det kjem sjeldan meir nedbør enn 300 mm i året i Cartagena.

Historie

Thumb
Det romerske teateret i Carthago Nova i Cartagena.

Byen heitte opphavleg Mastia og hadde ei av dei beste hamnene i det vestlege Middelhavet. Han vart grunnlagd på ny av den kartagiske generalen Hasdrubal i 227 fvt.[3][4] som Qart Hadasht (𐤒𐤓𐤕𐤟𐤇𐤃𐤔𐤕 QRT𐤟ḤDŠT, ‘Nybyen’, same namnet som Kartago opphavleg hadde hatt. Den romerske generalen Scipio Africanus erobra han i 209 fvt., og byen blei kjend som Carthago Nova og Carthago Spartaria. Julius Cæsar gav byen latinske rettar og Octavian gav byen det nye namnet til ære for Julius Cæsar, Colonia Iulia Victrix N.C.

Thumb
Molino del Campo de Cartagena.

I 298 oppretta Diokletian ein ny romersk provins i Hispania som heitte Carthaginensis og la hovudstaden til Cartagena. Han vart verande ein viktig by fram til han vart øydelagd av vandalar i år 435. I romartida var det store sølvgruver ved byen. Han var òg kjend for produksjon av garum, ein gjæra fiskesaus, og for alfagras.[5]

Etter at Romarriket fall vart byen styrt av vandalar (409–425), vestgotarar (425–550 og 624–714), austromarar (551–624), umayyadane (714–756), Kalifatet Córdoba (756–1031), Taifaen Denia (1031–1076), Taifaen Zaragoza (1076–1081), Taifaen Tortosa (1081–1092), almoravidane (1092–1145), almohadane (1145–1229) og Taifaen Murcia (1229–1245) før Kongedømet Aragon erobra byen i 1245.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.