Carlo Janka

From Wikipedia, the free encyclopedia

Carlo Janka

Carlo Janka (fødd 15. oktober 1986) er ein sveitsisk skirennar frå Obersaxen i kantonen Graubünden.

Kjappe fakta
Carlo Janka

Thumb

StatsborgarskapSveits
Fødd15. oktober 1986 (38 år)
Obersaxen
Idrettalpint
Tok del i Vinter-OL 2014, Alpint under Vinter-OL 2010 – Storslalåm menn
Utmerkingar Skieur d’Or
Lukk
Thumb
Carlo Janka i 2010

Aktiv

Janka debuterte i verdscupen i alpint i desember 2005, og tok sine fyrste poeng i desember 2006 med ein 20. plass i storslalåm i Alta Badia.

I utforrennet i Lake Louise i Canada 29. november 2008 suste Janka, frå startnummer 65, inn til ein overraskande andreplass. To veker seinare, 13. desember 2008, tok han steget heilt til topps i storslalåmrennet i Val-d’Isère og sikra seg dermed sin fyrste siger i verdscupen. Under alpin-VM i Val-d’Isère i februar 2009 vart han verdsmeister i storslalåm og fekk bronse i utfor. I 2008/09-sesongen vann han også pokalen som bestemann i den alpine kominasjonen av verdscupen.

Janka var i 2010-sesongen den beste skialpinisten i verda. Under vinter-OL i Vancouver vann han gull i storslalåm, kom på fjerdeplass i den alpine kombinasjonen, åttandeplass i super-G og på ellevteplass i utfor. Han vann verdscupen samanlagt og vart nummer to både i storslalåmcupen, utforcupen og kombinasjonscupen.

I 2011 vart han nummer tre i den totale verdscupen, bakom Ivica Kostelić frå Kroatia og sin eigen landsmann, Didier Cuche. Seks gongar kom han på pallen i verdscuprenn, hans einaste siger kom i storslalåm i Kranjska Gora i mars månad. 2012-sesongen vart heller mislukka for Janka, med ei einaste pallplassering.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

Meir informasjon Dato, Stad ...
Dato Stad Renn Medalje/plassering
13. februar 2009 Frankrike Val-d’IsèreStorslalåmGull Gull
7. februar 2009 Frankrike Val-d’IsèreUtforBronse Bronse
23. februar 2010 Canada VancouverStorslalåmGull Gull
9. februar 2011 Tyskland Garmisch-PartenkirchenSuper-GNr 7
18. februar 2011 Tyskland Garmisch-PartenkirchenStorslalåmNr 7
Lukk

Verdscupsigrar

Meir informasjon Dato, Stad ...
Dato Stad Øving
13. desember 2008 Frankrike Val-d’IsèreStorslalåm
16. januar 2009 Sveits WengenSuperkombinasjon
4. desember 2009 USA Beaver CreekSuperkombinasjon
5. desember 2009 USA Beaver CreekUtfor
6. desember 2009 USA Beaver CreekStorslalåm
16. januar 2010 Sveits WengenUtfor
7. mars 2010 Sveits Crans-MontanaSuper-G
12. mars 2010 Tyskland Garmisch-PartenkirchenStorslalåm
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.