Carl von Clausewitz
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Carl Phillip Gottlieb von Clausewitz (1. juni 1780–16. november 1831) var ein prøyssisk general og militær-teoretikar som la særleg vekt på dei psykologiske og politiske sidene ved krigføring. Hans mest kjende arbeid, Vom Kriege (Om krigen), låg uferdig då han døydde. Ein del av tankegodset hans er framleis pensum ved militære akademi, og vert òg nytta på andre område, til dømes organisasjonsteori og marknadsføring.
Carl von Clausewitz | |
Statsborgarskap | Kongedømet Preussen |
Fødd | 1. juni 1780 Burg bei Magdeburg |
Død |
16. november 1831 (51 år) |
Yrke | offiser, militærteoretiker, skribent, filosof, militær, historikar, arméoffiser |
Språk | tysk |
Ektefelle | Marie von Brühl |
Carl von Clausewitz på Commons |
Clausewitz var sterkt påverka av den europeiske opplysningstida og bygde mykje på dei fornuftsbaserte ideane. På ein del felt var han likevel ein romantikar.
Tenkinga til Clausewitz vert ofte omtalt som hegeliansk, grunna den dialektiske metoden hans. Han understreka grundig korleis den eine faktoren påverka den andre, og viste til den innverknaden uventa hendingar og utilsikta utvikling under «krigsskodda» (gjerne med ufullstendig, tvilsam eller feilaktig informasjon og eit sterkt nærvær av frykt, tvil og spenning) kalla på kjappe avgjerder frå påpasselege hærførarar.
Clausewitz såg på historia som ein avgjerande kontrollør av tillærte abstraksjonar som ikkje samsvarte med erfaringane. Tvert mot dei tidlege verka til Antoine-Henri Jomini hevda Clausewitz at krig ikkje kan målast eller reduserast til kartlegging, geometri eller grafiske oversyn. Clausewitz laga mange aforismar, mest kjend er den berømte «Krig er eit framhald av politikken gjennom andre middel».
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2017) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.