fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Burhinus er ei biologisk slekt av trielar og medlem av familien Burhinidae. Denne familien inneheld òg slekta Esacus. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase.[1]
Burhinus | |
Flekktriel, Burhinus capensis Foto: Wikimedia-brukar Cburnett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Trielfamilien Burhinidae |
Slekt: | Burhinus Illiger, 1811 |
På engelske brukast det skildrande namnet 'thick-knee', tjukk-kne på desse fuglande. Dette er mellomstore, terrestriske vadarar, sjølv om dei er generelt funne i halvtørre til tørre, opne område. Berre nokre av artane er forbundne med vatn. Artane i slekta varierer frå 32 cm til 59 cm i storleik. Utsjånaden er prega av lange bein, lange venger og kamuflerande fjørdrakt. Dei fleste artane har eit kort, tjukt, sterkt nebb. Trielar kan treffast over heile verda bortsett frå i Antarktis. Dei er hovudsakleg tropiske, med størst mangfald i «den gamle verda».
Det er åtte artar av Burhinus-trielar. Ingen artar er truga, og ingen har blitt utrydda etter år 1600.
Burhinus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.