From Wikipedia, the free encyclopedia
Brystsmerte kan vera symptom på ulike alvorlege tilstandar og er generelt rekna som eit medisinsk naudhøve. Sjølv om det kan avgjerast at smerta er av ikkje-kardialt opphav, så er det ofte ein eksklusjonsdiagnose som vert sett fyrst etter at meir alvorlege årsaker er utelukka.
Årsaker til brystsmerte varierer frå ikkje-alvorlege til alvorlege og livstrugande.[1]
Hjå vaksne er dei vanlegaste årsakene gastrointestinal (42%), koronar hjartesjukdom (31%), muskuloskeletal (28%), perikarditt (4%) og lungeembolisme (2%).[2] Andre mindre vanlege årsaker inkluderer: lungebetennelse, lungekreft og aortaaneurismar.[2]
Hjå born er dei vanlegaste årsakene muskuloskeletale og ukjente.[3]
Det å kjenne pasienten sine risikofaktorar kan vere nyttig når ein skal inkludere eller utelukke årsaker til brystsmerte. Til dømes er hjarteinfarkt og aortadisseksjon veldig sjeldan hjå individ under 30 år, men monaleg meir vanleg hjå individ som er eldre, røykar, har høgt blodtrykk, historie med koronar hjartesjukdom eller hjerneslag, positiv familiehistorie (prematur aterosklerose, kolesterolsjukdom, hjarteinfarkt i tidleg alder) eller andre risikofaktorar.
Ved akuttmottaket er det vanleg å byrje med å utelukke dei farlegaste årsakene til brystsmerte, nemleg hjarteinfarkt, lungeembolisme, aortadisseksjon, øsofagusruptur (perforasjon av matrøyret), tensjonspneumotoraks og hjartetamponade. Ved å eliminere eller stadfeste dei mest alvorlege årsakene kan ein setja diagnose på opphavet til smerta. Ofte finn ein inga årsak og pasienten vert då roa og forsikra av helsepersonell.[1]
Viss ein mistenkjer akutt koronarsyndrom («ustabil angina») er det vanleg å leggje pasienten inn for observasjon, ta regelmessig EKG av brystet, og stadfeste hjartemarkørar over tid. Stundom vil vidare testing avgjere årsaka. TIMI («trombolyse ved hjarteinfarkt») ved innlegging kan bidra til å stratifisera risikoen. Kjenneteikn som er typiske for hjarteiskemi skildrar smerten som tungleik; spreiing av smerta til nakken, kjeven eller venstre arm; sveitte; kvalme; palpitasjonar; smerte ved rørsle; ørske; dyspné; og «ei kjensle av føreståande undergang».
Grannsam anamnese og fysikalsk-medisinsk undersøking er avgjerande når ein skiljer dei farlege årsakene frå dei trivielle. Stundom vil usynlege sjukdomsteikn føre diagnosen mot særlege årsaker, som til dømes «knyttneve mot brystet» (Levines teikn), som er indikativt for hjarteiskemi. Ein snøgg diagnose kan vere livreddande og må ofte gjerast utan hjelp frå medisinske testar. Generelt er det likevel naudsynleg å utføre fleire testar for å stadfeste diagnosen.
På grunnlag av overståande kan ei rekkje testar utførast:[5]
Administreringa av acetylsalisylsyre ved innleggjing har vist seg å kunne auke sjansane for 30-dagar overleving med 30%.
Hjå personar med brystsmerte er det ikkje naudsynleg med supplerande oksygen med mindre oksygenmettinga er mindre enn 94%, eller det er teikn på pustebesvær.[6][7] Ei lystgass/oksygen-blanding (ofte 50-50%) vert ofte gjeve av akuttmedisinsk personell utanfor sjukehuset.[8] Det er likevel lite prov for effektiviteten.[7][9]
I tillegg til lækjemiddel kan det brukast kosttilskot for å lindre brystsmerte.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.