Elektrokardiografi (EKG) er ein diagnostiseringsmåte innan hjartefysiologi. Det måler den elektriske aktiviteten i hjartet, og kan mellom anna visa hjarteinfarkt og arytmi (rytmeforstyrringar i hjartet).
Bruksområde
EKG har ei rekkje bruksområde:
- Å avgjere om hjarterytmen er normal eller om det er rytmeforstyrringar (T.d. ekstra eller tapte hjarteslag – sokalla hjartearytmiar.
- Kan påvise tilstopping av kransarteriane (under eller etter eit hjarteinfarkt).
- Kan nyttast for å indirekte påvise elektrolytt-forstyrringar, t.d. kalium, kalsium, magnesium.
- Kan påvise om det er greinblokk eller andre leidningsforstyrringar, det vil seie at det elektriske signalet som gjev hjartemuskelsamantrekning ikkje spreiast utover i muskulaturen på vanleg måte...
- Kan nyttast til å teste hjartemuskelens oksygenforsyning ved belastingstestar (belastnings-EKG).
- Kan nyttast til å hauste informasjon om hjartets fysiske tilstand, t.d. å påvise venstre ventrikkelhypertrofi.
Elektrokardiogram
Eit Elektrokardiogram (forkorting EKG) er ei grafisk framstilling laga av eit apparat (EKG-apparat, eller elektrokardiograf) som registrerer hjartets elektriske aktivitet. EKG er eit sentralt verktøy i hjartefysiologi, og har ein viktig funksjon ved screening og diagnostisering av hjartesjukdomar innan subspesialiteten kardiologi.
Normal EKG
Ei typisk EKG-bølgje frå eit normalt hjarteslag syner P-bølgje, ein liten pause, so QRS-komplekset, og til slutt ei T-bølgje. Ei lita U-bølgje etter, T sjåast av og til.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.