From Wikipedia, the free encyclopedia
Bobby Graham (11. mars 1940–14. september 2009) var ein engelsk trommeslagar og studiomusikar, komponist, arrangør og plateprodusent. Shel Talmy, som produerte The Kinks, David Bowie og The Who, skildra Graham som «den beste trommeslagaren Storbritannia nokon gong har skapt.»[1]
Bobby Graham | |||
Fødd | 11. mars 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Edmonton i North London i England | ||
Død | 14. september 2009 (69 år) | ||
Dødsstad | Welwyn Garden City, Hertfordshire, England | ||
Fødenamn | Robert Francis Neate | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1960-åra til 2009 | ||
Instrument | Trommer | ||
Verka som | Studiomusikar |
Graham var medlem av The Outlaws og arbeidde med Joe Meek tidleg i 1960-åra.[2] Han arbeidde med Joe Brown i 1961.[2] Graham var ein del av ein britisk elite av studiomusikarar (liknande amerikanske «Wrecking Crew») som bestod av artistar som Big Jim Sullivan, Vic Flick og Jimmy Page.
Graham spelte på 13 nummer-ein-singlar, inkludert av The Dave Clark Five, Englebert Humperdinck, Peter and Gordon, Jackie Trent, The Kinks, Tom Jones og Dusty Springfield, og hans pelte på i alt 40 britiske topp fem-hittar (ti av dei på andreplassen, fire på tredjeplassen, seks på fjerdeplassen og sju på femteplassen), 107 topp 50-hittar og låg totalt 1 155 dagar inne på lista. Han spelte med artistar som John Barry, Shirley Bassey, Joe Cocker, Billy Fury, Herman's Hermits, Benny Hill, Rod Stewart, Dave Berry, Joe Brown and The Bruvvers, Chubby Checker, Petula Clark, Brenda Lee, Lulu, Brian Poole & The Tremeloes, The Pretty Things, PJ Proby, Van Morrison, Them, The Walker Brothers og Marianne Faithfull.[3]
Graham turnerte òg i Storbritannia som trommeslagar i sitt eige jazzband.
Han døydde av magekreft den 14. september 2009.
Graham har spelt på over 15 000 innspelingar,[4] inkludert:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.