From Wikipedia, the free encyclopedia
The Pretty Things er eit engelsk rockeband som vart skipa i London i 1963 av gitaristen Dick Taylor, songaren og låtskrivaren Phil May, gitaristen Brian Pendelton, bassisten John Stax og trommeslagaren Viv Prince. Bandet er kalla opp etter Bo Diddley-songen Pretty Thing. Bandet starta med å spele rhythm and blues og hadde eit røft og rølpete image, før dei gjekk inn i psykedelisk rock mot slutten av 1960-åra.
The Pretty Things | |||
| |||
Alias | Electric Banana | ||
---|---|---|---|
Opphav | London i England | ||
Aktiv | 1963–til i dag | ||
Sjanger | Den britiske bølgja, garagerock, rhythm and blues, beat | ||
Plateselskap | Fontana Columbia (UK) Laurie Rare Earth Harvest Warner Bros. Records Swan Song Snapper Cote Basque | ||
Medlemmer | Phil May Dick Taylor Frank Holland John Povey George Perez Jack Greenwood | ||
Tidlegare medlemmer | Brian Pendleton John Stax John C. Alder Peter Tolson Stuart Brooks Skip Alan Viv Prince Hans Waterman Roelf ter Velt Barkley McKay Wally Waller | ||
Prisar | MOJO Awards |
Dick Taylor var barndomskamerat med Keith Richards og var med i starten av The Rolling Stones. Då Brian Jones kom med i dette bandet ønskte dei at Dick Taylor skulle spele bass og han slutta. The Pretty Things gav seg i 1980, men har i etter tid vorte foreint att og held framleis konsertar.
Den første singelen deira var «Rosalyn» som vart ein liten hit i Storbritannia i 1964. Større suksess fekk dei med singlane «Don't Bring Me Down» (1964) og «Honey I Need» (1965) og debutalbumet The Pretty Things frå 1965. Bandet slo aldri heilt igjennom og fekk ikkje fleire hittar i heimlandet. Trass i den heller laber kommersiell suksess har The Pretty Things vore inspirasjonskjelde for andre meir kommersielt suksessrike band, som The Rolling Stones, og David Bowie spelte inn to av songane deira på albumet Pin Ups. Fleire av platene deira er likevel kritikarroste. Albumet S.F. Sorrow frå 1968 vert rekna som ei av dei beste psykedeliske rockeplatene som finst og vert òg rekna for å vere den første rockeoperaen som er spelt inn, etterfølgd av Tommy av The Who. På dette albumet hadde bandet vore gjennom utskiftingar og bestod av May, Taylor, Wally Allen (bass), Jon Povey (tangentinstrument) og Twink (trommer).
Musikkmagasinet Rolling Stone utnemnde i 1970 Parachute til det beste albumet dette året. Men verken dette eller S.F. Sorrow selde særleg bra. Taylor og Twink slutta i bandet i 1969. The Pretty Things held fram utover 70-talet med tre ujamne album. Bandet vart gjenforeint med May, Taylor, Alan, Allen og Povey i 1978.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.