planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Bleikmarihand (Dactylorhiza maculata) er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien).[1] Ho er utbreidd i fjellregionar i mykje av Europa, men er sjeldan i søraust. Ein finn henne også i Algerie, Marokko, Sibir, Mongolia og Xinjiang i Kina.[2]
Bleikmarihand | |||
Status i verda: Livskraftig | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. maculata | ||
Underartar | |||
| |||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza maculata
(Linné) Soó | |||
Økologi | |||
Habitat: | skog, myr, fjell | ||
Utbreiing: | nord i Eurasia | ||
Orkideen veks hovudsakleg i sur jord på hei, i graslandskap og i fuktig skog.[2] Han kan ha blad med eller utan flekkar.[2]
Bleikmarihand høyrer til slekta Dactylorhiza, på norsk marihandslekta. Namnet bleikmarihand er ganske nytt og førebels lite innarbeidd. Namnet er ein konsekvens av at Artsdatabanken prinsipielt bruker separate namn på ulike taksonomiske nivå. Ettersom namna på dei to underartane flekkmarihand og skogmarihand er så godt innarbeidde, har ein vald å gi eit nytt namn til artsnivået.[3]
Underartane i Noreg er:[3]
Plants of the World Online (Kew) og WFO – The World Flora Online godkjenner seks underartar:[2][4]
I somme klassifiseringar, mellom anna i Finland,[5] på Dei britiske øyane,[6][7] i Baltikum[8][9][10] og i Benelux[11][12][13][14] er dei to underartane rekna som separate artar.
I Norsk raudliste for artar (2021) er bleikmarihand vurdert som livskraftig (LC).[15]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn fläcknycklar),[16] i Danmark (LC, dansk namn plettet gøgeurt),[17] på Færøyane (vanligt, færøysk namn tjaldursbørkubóndi),[18][19] på Island (LC, islandsk namn brönugrös).[20][21] I Finland, der flekkmarihand og skogmarihand blir rekna som eigne artar, blir dei samla omtalt som maariankämmekkäryhmä («flekkmarihandgruppa»).[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.