From Wikipedia, the free encyclopedia
Biosfærereservat er ei internasjonalt vedteken nemning for visse typar verneområde. Termen blei vedteken under UNESCO-programmet «Man and the Biosphere» på 1990-talet, og har seinare fått internasjonalt gjennomslag. I 2017 var 669 område i 120 land verna som biosærereservat.
Biosfærereservat skil seg frå tradisjonelle verneområde ved at dei kombinerer kjerneområde underlagt strenge restriksjonar med soner der det føregår berekraftig næringsutøving.
Nordhordland blei utnemnd til det første biosfæreområdet i Noreg den 19. juni 2019.[1] Noreg hadde før dette ingen biosfærereservat, men MAB-komiteen i Noregs forskingsråd hadde eit prosjekt gåande (frå 1. oktober 1994 til 31. desember 1997) for å vurdera biosfæreområde som verktøy for kombinasjonen bruk, vern og utvikling innan det norske forvaltingssystemet.
Danmark oppretta eit 97 200 000 hektar stort biosfærereservat (verdas største) på Nordaust-Grønland, Nordaust-Grønland biosfærereservat, i 1977.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.