sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1980) From Wikipedia, the free encyclopedia
«Biko» er ein protestsong av den engelske musikaren Peter Gabriel frå 1980. Songen er med på det tredje albumet hans, Peter Gabriel (1980) og handlar om Steve Biko, ein kjend svart sørafrikansk anti-apartheid-aktivist.
Biko av Peter Gabriel Singel av Peter Gabriel frå albumet Peter Gabriel (Melt) | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk, tysk | |
Utgjeve | 1980 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Worldbeat[1] | |
Lengd |
| |
Selskap | Charisma[3] | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
Produsent | Steve Lillywhite[4] | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«No Self Control» (1980) |
Biko av Peter Gabriel | «I Don't Remember» (1980)
|
Biko vart arrestert av sørafrikansk politi seint i august 1977. Etter å ha vorte halden i varetekt i fleire dagar vart han forhøyrt i rom 619 i Walmer Street fengsel i Port Elizabeth i Eastern Cape.[5] Under forhøyret blei han mishandla av fleire politifolk, og fekk store hovudskadar.[6] Etterpå vart Biko overført til eit fengsel i Pretoria, der han døydde kort tid etter, den 12. september 1977.
Nyheita om hendinga spreidde seg raskt over heile vera, og blei eit symbol på det sørafrikanske apartheidregimet.[7] Biko si stilling som eit individ som aldri var blitt dømd for noko brotsverk gjorde han til ein kjend martyr for anti-apartheidsaka.[8][9]
Fleire musikarar skreiv songar om Biko, mellom dei Tom Paxton, Peter Hammill, Steel Pulse og Tappa Zukie.[9] Peter Gabriel høyrde om dødsfallet til Biko på BBC, og byrja finna ut meir om livet hans. På denne tida var Gabriel også blitt interessert i afrikansk musikk. Det tredje soloalbumet hans, Peter Gabriel (1980), der «Biko» blei teken med, syner påverknad frå afrikanske musikkstilar.[8][10] Gabriel var også påverka av den politisk motiverte new-wave-artisten Tom Robinson,[11] som skal ha oppmuntra Gabriel til å gje ut songen Gabriel sjølv byrja å tvila på om han skulle.[4]
Gabriel spelar ofte songen på slutten av konsertane sine og oppfordrar publikum til å synge med han, og til slutt er berre trommeslagaren att på scenen. På albumversjonen av songen kan ein høyre den sørafrikanske songen «Senzeni Na?» i kvar ende av songen. Denne vart sungen i gravferda til Biko.[12]
«Biko» vart først gjeven ut som singel i 1980 og nådde då 38. plass på singellista i Storbritannia. Ein konsertversjon, spelt inn i juli 1987 i Blossom Music Center i Cuyahoga Falls i USA, kom ut seinare det året og nådde 49. plassen i Storbritannia. Ein nyinnspelt versjon av songen (igjen av Gabriel) vart nytta til å marknadsføre den biografiske filmen til Richard Attenborough, Cry Freedom om Biko og musikkvideoen (som hovudsakleg bestod av klipp frå filmen) vart mykje spelt på MTV.
«Biko» vart òg spelt i «Evan», den nest siste episoden i første sesongen av den amerikanske fjernsynsserien Miami Vice.
Ei linje frå teksten er «Yehla Moya» som på språket xhosa tyder «kom and».
Robert Wyatt gav ut ein versjon av songen i 1984 på EP-en Work In Progress.[13] Simple Minds spelte inn ein versjon i 1989 for albumet Street Fighting Years. Han vart òg spelt av Black 47 og Joan Baez på albumet hennar Recently i 1987 og av Manu Dibango i 1994 på albumet Wakafrika. Steve Van Zandt sa at han vart inspirert av songen til å skrive sin anti-apartheid protestsong «Sun City» i 1985, framført av Artists United Against Apartheid. Organisasjonen Playing for Change spelte inn songen for albumet Songs Around the World. TV on the Radio har òp spelt inn songen. I februar 2010 spelte Paul Simon songen i lag med Peter Gabriel på prosjektet Scratch My Back / I'll Scratch Yours I 1988 skreiv den tyske musikaren Wolfgang Niedecken frå rockebandet BAP tysk tekst til songen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.