From Wikipedia, the free encyclopedia
Benjamin Arvola Notkevich (fødd 9. februar 1993) er ein norsk sjakkspelar, stormeister i sjakk (GM).
Benjamin Arvola Notkevich | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. februar 1993 (31 år) Oslo |
Idrett | sjakk |
Benjamin Arvola Notkevich vart IM etter 5,5 poeng på 9 parti i Eliteserien i sjakk vinteren 2016-2017, deretter 6 av 9 i ei internasjonal turnering i Havana, Cuba 15-23. mars 2017, og 6 av 9 i Fagernes Chess International 9-16. april 2017. Det siste resultatet var også eit stormeisternapp. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Med desse sterke resultata i rask rekkefølge oppfylte han dermed også rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400, med 2435 pr. 1. mai 2017. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet av "2nd quarter Presidential Board Meeting 2017 by written resolution".[1]
Benjamin Arvola Notkevich klarte sitt første napp i stormeister-tittelen med ovanfor nemnde 6 av 9 i Fagernes Chess International 9-16. april 2017. I same turneringa året etter kom det andre nappet, med 6,5 av 9 i Fagernes Chess International 25. mars - 1. april 2018. Det tredje og avgjerande nappet kom med 6 av 9 i sjakk-OL i Batumi, Georgia 24. september til 5. oktober 2018.[2] Med desse sterke resultata i 2018 oppfylte han dermed også rating-kravet, kravet til eigen rating over 2500, med 2506 pr. 1. november 2018. Han blei deretter utnemnd til Noregs 16. stormeister i sjakk på "4th quarter Presidential Board Meeting i London, i november 2018.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.