Bengali

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bengali

Bengali eller bangla (বাংলা [bāŋlā]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg vert tala i Bangladesh og i dei indiske delstatane Vest-Bengal og Tripura. Det har utvikla seg frå sanskrit, pali og prakrit.

Thumb
Del av eit dikt skrive av Rabindranath Tagore på bengali og engelsk.
Kjappe fakta
Bengali
বাংলা, bangla, bangala, bangla-bhasa
Klassifisering indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   apabhransa avahatta
    bengali
Bruk
Tala i Bangladesh, India og nokre andre land
Bengalitalande i alt 207 millionar
Rangering 4
Skriftsystem Bengali
Offisiell status
Offisielt språk i Bangladesh og dei indiske statane Vest-Bengal og Tripura
Språkkodar
ISO 639-1 bn
ISO 639-2 ben
ISO 639-3 ben

Thumb


Lukk

Bengali vert skrive med eit eige alfabet, bengaliskrift, som er i slekt med devanagari (hindiskrift). Tidlegare brukte ein også prachalit nepal (nepaliskrift) til å skriva språket.

Utbreiing

Ved folketeljinga i Bangladesh i 2001 hadde 110 millionar bengali som førstespråk medan 250 millionar beherska språket. Ethnologue oppgjev at språket har 193 263 700 talarar i alle land.

I tillegg til Bangladesh finst det mange bengalitalande i India, Nepal, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Malawi, Storbritannia, USA og Canada.

Skildring

Bengali er eit SOV-språk og eit tonespråk. Det har tre genus, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Språket har 35 konsonant- og 5 vokalfonem.

Historie

Som andre austlege indoariske språk oppstod bengali frå dei austlege mellomindiske språka på den indiske halvøya. Magadhi, det eldste belagde talespråket i området, hadde vorte utvikla til ardhamagadhi («halvmagadhi») under første delen av det første tusenåret e.Kr. Både ardhamagadhi og dei ulike variantane av prakriti i nordre India, byrja gi plass til det som no blir kalla apabhramsaspråk rett før år 1000. Det lokale apabhramsaspråket på den austre indiske haløya, purvi apabhramsa eller apabhramsa abahatta, vart så etterkvart utvikla til regionale dialektar, som deretter danna tre grupper: biharispråk, oriyaspråk og bengali-assamesiske språk. Det er dei forskarane som hevdar at delinga skjedde langt tidlegare, til og med så langt attende som 500. e.Kr. men at språket ikkje var statisk; ulike varietetar sameksisterte og forfattar skreiv ofte på fleire dialektar. Til dømes kan magadhiprakrit ha vorte utvikla til apabhramsa abahatta kring 500-talet. Dette språket konkurrerte med bengali ei tid.

Vanlegvis blir historia til bengali delt inn i tre periodar:

  1. Gammalbengali (900/1000. e.Kr.–1400. e.Kr.) – tekster blant andre Charyapada, religiøse songar; pronomena ami, tumi, etc; verbbøying med suffiksa -ila, -iba, etc. Oriya og assamesisk blei separate språk i løpet av denne periode.
  2. Mellombengali (1400–1800. e.Kr.) – viktige tekster frå denne perioden er mellom anna Srikrishnakirtan av Chandida; elisjon av ô- lyden i utlyd; større bruk av samansette verb; påverknad frå persisk.
  3. Nybengali (tida etter 1800 e.Kr.) – forkorting av verb og pronomen (til dømes tahartar 'hans'/'hennar'; koriyachhilôkorechhilo han/ho hadde gjort).

Historisk sett ligg bengali nærare pali enn sanskrit, men under den mellombengalske perioden (Chaitanyatida) og òg under den bengalske renessansen vart bengali meir og meir påverka av sanskrit. Av dei moderne indoeuropeiske språka i Sør-Asia har bengali og marathi bevart eit for ein stor del sanskritbaserat ordforråd, mens hindi og andre meir nordvestlege språk er meir influerte av arabisk og persisk.

Thumb
Shaheed Minar, eller martyrmonumentet, i Dhaka, er laga til minne om kampen for bengali

Den eldste kjende dokumentasjonen av grammatikken til språket vart skrive på 1700-talet. Den portugisiske misjonæren Manoel da Assumpcam skreiv Vocabolario em idioma Benegalla, e Portuguez dividido em duas partes i åra mellom 1734 og 1742, då han tenestegjorde i Bhawal. Boka er ei ordbok og grammatikk over bengali.[1] Den britiske grammatikaren Nathaniel Brassey Hentevarme skreiv ein moderne bengaligrammatikk (A Grammar of the Bengal Language i 1778.). Denne bok var den første som nytta bengalitypar i trykk. Den store bengalske reformatoren Raja Ram Mohan Roy skreiv òg ein Grammar of the Bengali Language (1832.).

Under denne periode vart Choltibhasha-forma av bengali utvikla, ho nyttar ei forenkla bøying og inneheld og andre språklege endringar av den eldre forma (Shadhubhasha).[2]

Bruken av bengali vart i 1951 kjempa fram av ei bengalsk målrørsla (Bhasha Andolon) i det dåverande Aust-Pakistan (noverande Bangladesh). Sjølv om bengalitalarane var i fleirtal i Pakistan , var urdu lovfesta som det einaste nasjonale språket. Den 21. februar 1952 gjekk protesterande studentar og aktivistar inn i politield ved Dhaka University og tre unge studentar og fleire andre vart drepne. Etter dette har Unesco erklært 21. februar som den internasjonale morsmålsdagen. I ei tilsvarande hending i mai 1961 drap politiet i Silchar i India elleve personar som protesterte mot den lovgjevinga som påbaud bruk av assamesisk (og dermed ikkje bengali).[3][4]

Bengali har i dag høg status blant talarane sine, og har ei viktig politisk stilling i Bangladesh. Desse hendingane var ein viktig del av prosesen som førte fram til at Aust-Pakistan lausreiv seg frå Vest-Pakistan og blei landet Bangladesh. Språkrørsledagen blir feira kvart år til minne om bengalarar som døydde for språket sitt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.