Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bengaluru/Bangalore ಬೆಂಗಳೂರು | |||
by | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Stat | Karnataka | ||
Region | Bayaluseemē | ||
Distrikt | Bangalore Urban | ||
Høgd | 920 m | ||
Areal | 1 276 km² | ||
Folketal | 9 645 551 (2011) | ||
Grunnlagd | 1537 | ||
Tidssone | IST (UTC+5:30) | ||
Postnummer | 560 xxx | ||
Bangalore 12.9791198°N 77.5912997°E | |||
Wikimedia Commons: Bangalore | |||
Nettstad: bbmp.gov.in | |||
Bangalore eller Bengaluru (kannada ಬೆಂಗಳೂರು, Bengalūru), er delstatshovudstad i Karnataka i India. Han er ein av dei største byane i India med 8 425 970 innbyggjar.[1] Byen er kjend som eit sentrum for indisk IT-industri, og huser mange fleirnasjonale føretak innan bransjen. Bangalore ha også ei rekkje parkar, og er innan India også kjend som «hagebyen».
Den noverande byen blei grunnlagd av Kempe Gowda i 1537. Bangalore høyrde til Mysorestaten under Britisk India, og var fødestaden til Tippu Sultan, «tigeren frå Mysore», som stod hardt imot britane.
Bangalore ligg rundt 950 moh., og har eit behageleg klima med relativt kjølige somrar (middeltemperatur rundt 34 °C) og milde vintrar (sjeldan under 16 °C). Byen ligg ved Kaverielva, som står for størstedelen av vasstilførselen hit. Den årlege nedbørsmengda på rundt 914 mm er ikkje tilstrekkeleg.
Byen har vegsamband til storbyane Mumbai og Chennai gjennom nord-sør-sambandet Varanasi-Kanniyakumari National Highway, og til Mysore og vidare til Kerala. Han har togsamband til Chennai og vidare til Vest- og Nord-India. Hindustan Airport ligg 8 km aust for byen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.