From Wikipedia, the free encyclopedia
Bamble heradsrett hadde opphavleg eit domssokn som svarte til Bamble futedømme, det vil seie dei noverande kommunane Drangedal, Kragerø (unntatt den gamle bykjernen), Bamble, Siljan, Porsgrunn (unntatt området nord for Skienselva) og austre delen av Skien (tidlegare Gjerpen herad).
Etter kvart blei grensene endra fleire gonger. Porsgrunn blei frådelt då staden fekk kjøpstadrettar i 1807, og det same skjedde med Brevik i 1845. Eidanger og Gjerpen blei frådelt og lagt til det nyoppretta Gjerpen heradsrett i 1866. I 1897 blei også Kragerøbygdene (Sannidal og Skåtøy) og Drangedal frådelt ved skipinga av Kragerø heradsrett. Til gjengjeld fekk domssoknet tilbake Eidanger og Brevik.
Ved kommunesamanslåingane i 1964 blei ikkje grensene til domssoknet endra, og Bamble domssokn kom derfor til å omfatte kommunane Bamble og Porsgrunn, med unntak for Porsgrunns gamle byområde. I 1974 blei Bamble heradsrett nedlagd og lagt in under byfutembetet i Skien og Porsgrunn, noverande Nedre Telemark tingrett.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.