Aubervilliers
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aubervilliers er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,2 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Med over 70 000 innbyggjarar fordelt på berre litt over 5 km² er han ein av kommunane i Europa med størst folketettleik.
Aubervilliers | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Seine-Saint-Denis |
Geografi | |
Flatevidd | 5,76 km² |
Flatevidd - By |
5,76 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
71 600 10 961/km² |
Koordinatar | 48°54′53″N 02°22′52″E |
Høgd over havet | 38 m |
Diverse anna | |
Heimeside: www.aubervilliers.fr | |
Plassering | |
Datasenteret Telecity Paris, som husar Wikimedia sine servarar, ligg i Aubervilliers.
I mellomalderen vart namnet Aubervilliers skrive som Alberti Villare, som tyder «eigedomen (villare) til Adalbert». Adalbert er eit germansk førenamn som tyder «adleg (Adal-) og kvikk (-bert)», og som har gjeve det meir moderne namnet Albert.
1. januar 1860 vart byen Paris gjort større ved å annektere nabokommunane. Samtidig vart ein liten del av kommunen Aubervilliers annektert av Paris, medan kommunen La Chapelle-Saint-Denis vart oppløyst og delt mellom Paris, Aubervilliers, Saint-Denis og Saint-Ouen. Aubervilliers fekk derimot berre ein liten del.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.