From Wikipedia, the free encyclopedia
Assadsjøen (arabisk بحيرة الأسد, Buhayrat al-Assad) er eit vassreservoar i Eufrat i Ar-Raqqah guvernement i Syria. Det vart skapt i 1974 då Tabqadammen vart lukka. Assadsjøen er den største innsjøen i Syria med kapasitet på 11,7 kubikkilometer og ei største overflate på 610 kvadratkilometer. Eit stort nettverk av kanalar nyttar vatn frå Assadsjøen til kunstig vatning av områda på begge sider av Eufrat. I tillegg vert vatnet nytta som drikkevatn for byen Aleppo og det vert drive fiske i innsjøen. Breidda av Assadsjøen har utvikla seg til ein viktig økologisk sone.
Assadsjøen | |||
بحيرة الأسد | |||
innsjø | |||
Assadsjøen (venstre), Tabqadammen (midten) og Baathdammen (høgre). Bilete var teken på STS-78, juni 1996. Nord er oppe til venstre på biletet. | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ar-Raqqah guvernement | ||
Tilsig | Eufrat | ||
Utløp | Eufrat | ||
Koordinatar | 36°00′N 38°10′E | ||
Lengd | 80 km | ||
Areal | 525 km² | ||
Volum | 10 m³ | ||
Type | vassresrvoar | ||
Bygd | 1968 | ||
• Fylt opp | 1974 | ||
Assadsjøen 36°N 38.171111111111°E | |||
Kart som viser Assadsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Reservoir Al-Asad | |||
Dei første planane om ei demning i den syriske delen av Eufrat går attende til 1927, men dette vart ikkje gjennomført. I 1957 vart det laga ein avtale med Sovjetunionen om teknisk og økonomisk støtte til bygginga av ei demning i Eufrat, og i 1960 vart ein økonomisk avtale signert med Vest-Tyskland. Ein annan avtale om å finansiere prosjektet vart signert med Sovjetunionen i 1965.[1] Prosjektet omfatta eit vasskraftverk ved Tabqadammen, og bygginga av eit vidstrekt vatningsnettverk som gjev vatn til 6 400 kvadratkilometer med land på begge sider av Eufrat.[2][3] Bygginga av demninga pågjekk mellom 1968 og 1973 og fyllinga av reservoaret tok til i 1974 ved å redusere vassføringa i Eufrat. I 1975 klaga Irak på at vassføringa i Eufrat var for låg og truga med å bombe Tabqadammen. Meklingar med Saudi-Arabia og Sovjetunionen enda til slutt striden.[4]
I påvente av fyllinga av reservoaret, pågjekk det eit intensivt, internasjonalt arkeologisk prosjekt for å redde utgravingar frå det truga området mellom 1963 og 1974. Som ein del av prosjektet vart det gjort utgravingar på stader frå sein natufisk til den osmanske perioden. Det vart gjort utgravingar ved Tell Abu Hureyra, Emar, Habuba Kabira, Mureybet, Tell es-Sweyhat, Tell Fray og Dibsi Faraj. Ved Qal'at Ja'bar vart ei bort på ein åstopp, som kom til å verte ei øy i Assadsjøen. Det vart sett opp ein vernande skråning og to minaretar ved Mureybet og Meskene vart flytta til eit område utanfor flaumsonen.[5]
Den maksimale kapasiteten i Assadsjøen er 11,7 kubikkilometer med eit overflateareal på 610 kvadratkilometer. Han er dermed den største innsjøen i Syria. Den faktiske kapasiteten er i røynda mykje lågare, 9,6 kubikkilometer, med eit overflateareal på 447 kvadratkilometer.[6] Det foreslått vatningssystemet leid under fleire problem, mellom anna høgt gipsinnhald og saltinnhald i vatnet, vassførande kanalar som kollapsa, og bønder som nekta å flytte til dei oppdemde områda. Som følgje av dette var berre 600 kvadratkilometer vatna frå Assadsjøen i 1984.[7] I 2000 var området som får kunstig vatning auka til 1 24000 kvadratkilometer, som er 19% av det som opphavleg var målet.[8][9] Assadsjøen er den viktigaste drikkevasskjelda til Aleppo, og via ein røyrleidning får byen 80 millionar kubikkmeter vatn per år.[2] Det vert òg fiska frå innsjøen.[10]
Vestbreidda av innsjøen har utvikla seg til eit viktig myrområde. På søraustbreidda er somme skogar blitt planta med eviggrøne tre, aleppofuru og eufratpoppel. Mykje trekkfugl overvintra ved innsjøen og staten har har oppretta små verneområde langs breidda av Assadsjøen for å hindre jakt. Øya Jazirat al-Thawra er erklært eit naturreservat.[11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.