From Wikipedia, the free encyclopedia
Asjkhabad (turkmensk Aşgabat ) er hovudstad og den største byen i Turkmenistan. I 2022 hadde byen litt over éin million innbyggjarar. Asjkhabad ligg i provinsen Akhal sør i landet, nær grensa til Iran. Han har foten av fjellkjeda Kopet-Dag i sør og utkanten av Karakumørkenen i nord.
Asjkhabad | |||
Aşgabat Ашхабад | |||
by | |||
Tidlegare namn: Poltoratsk (1919–1927) | |||
Land | Turkmenistan | ||
---|---|---|---|
Areal | 765 km² | ||
Folketal | 1 030 063 (2022)[1] | ||
Grunnlagd | 1818 | ||
Tidssone | TMT (UTC+5) | ||
Asjkhabad 37.95°N 58.383333333333°E | |||
Kart som viser Asjkhabad.
| |||
Wikimedia Commons: Aşgabat | |||
Fleirtalet av innbyggjarane er sunnimuslimske turkmenarar, men det bur også russarar, armenarar og aserbadsjanarar her.
Asjkhabad ligg 25 mil frå Mashhad, den andre største byen i Iran.
I Asjkhabad blir det laga tekstilar, glas, næringsmiddel og metall, og det finst ein filmindustri her. Byen har universitet og fleire høgskular.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.