Ascona
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ascona er ein kommune i distriktet Locarno i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 5 489 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4,97 km². Kommunesenteret ligg 196 meter over havet. Kommunen ligg på nordsida av innsjøen Lago Maggiore.
Ascona | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Sveits | |
Kanton | Ticino | |
Distrikt | Locarno | |
Språk | italiensk | |
Borgarmeister | Aldo Rampazzi | |
Geografi | ||
Flatevidd - kommune |
4,97 km² | |
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
5 489 1 104,4 /km² | |
Koordinatar | 46°09′0″N 8°46′0″E | |
Høgd over havet | 196 moh. | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 6612 | |
Nettstad: www.ascona.ch |
Byen er eit populært turistmål. Årleg vert ein jazzfestival avvikla i byen; kalla 'New Orleans Jazz Festival Ascona'.
"Monte Verità" (bokstavleg Sanningsfjellet) i Ascona var i dei fyrste tiåra av 1900-talet møtestad og bustad for folk som preika for "tilbake til naturen".
Kolonien hyste ein ein heil del kunstnarar, anarkistar og andre kjende menneske. Mellom dei som hadde opphald på Monte Verità var Hermann Hesse, Carl Gustav Jung, Erich Maria Remarque, Hugo Ball, Else Lasker-Schüler, Stefan George, Isadora Duncan, Paul Klee, Rudolf Steiner, Mary Wigman, Gyula Háy, Max Picard, Ernst Toller, Henri van de Velde, Rudolf Laban, Frieda von Richthofen, Else von Richthofen, Otto Gross, Erich Mühsam, Karl Wilhelm Diefenbach og Gustav Stresemann.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.