From Wikipedia, the free encyclopedia
Asbel Kipruto Kiprop (fødd 30. juni 1989) er ein kenyansk mellomdistanseløpar, olympisk meister og verdsmeister på 1500 meter - distansen han oftast tevlar i. Hans personlege bestetid på 1500 meter er 3,27.72 (Monaco, 2013).[1]
Asbel Kiprop | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 30. juni 1989 (35 år) Eldoret |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Gjennombrotet til Kiprop kom i 2007, då han vann gull i terrengløp under junior-VM, vann gull på 1500 meter under dei panafrikanske leikane og debuterte i VM i friidrett 2007 i Osaka, der han kom på fjerdeplass på 1500 meter.
Asbel Kiprop OL-debuterte i sommar-OL 2008 i Beijing, og sprang heilt inn til ein andreplass på 1500 meter, bak Rashid Ramzi frå Bahrain. Då Ramzi seinare testa positivt for doping, vart OL-gullet gitt til Kiprop. Dette gjorde at Kiprop blei den yngste olympiske meisteren på 1500 meter nokonsinne. Asbel Kiprop vart verdsmeister i VM i friidrett 2011 i Daegu med tida 3,35.69. To år seinare vart han igjen verdsmeister under VM i friidrett 2013 i Moskva, der norske Henrik Ingebrigtsen kom på ein åttandeplass.
Asbel Kiprop deltok også i Sommar-OL 2012 i London, men kom ikkje lenger enn til tolvteplass i finaleløpet. Ingebrigtsen sprang derimot inn til femteplass og sette ny norsk rekord på 1500 m.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.