nederlandsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Arnold Johannes Hyacinthus Mühren (fødd 2. juni 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar som vart europameister 1988 for Nederland og vann UEFA-cupen 1981 med Ipswich Town og cupvinnarcupen 1987 med Ajax.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Arnold Johannes Hyacinthus Mühren | ||
Fødselsdato | 2. juni 1951 (73 år) | ||
Fødestad | Volendam i Nederland | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1970-1971 | Volendam | 26 | (2) |
1971-1974 | Ajax | 62 | (16) |
1974-1978 | Twente | 108 | (39) |
1978-1982 | Ipswich | 161 | (21) |
1982-1985 | Manchester United | 70 | (13) |
1985-1989 | Ajax | 99 | (14) |
Totalt | 516 | (105) | |
Landslag | |||
1978-1988 | Nederland | 23 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Etter ein fin sesong i FC Volendam var Mühren knytt til storklubben Ajax i tida 1971-74, der den eldre broren Gerrie Mühren var fast på fyrstelaget. Sjølv fekk han lite speletid og gjekk i 1974 over til Twente, der han vart verande i fire sesongar og fekk sin fyrste meistertittel då laget frå Enschede vann den nasjonale cupfinalen 1977. I 1978 vart han overført til Ipswich Town i England for £150 000. Han var på plass då Ipswich vann UEFA-cupen våren 1981. Sesongane frå 1982 til 1985 gjorde han teneste i Manchester United, der han skåra eitt mål i finalen i FA-cupen 1983. Siste sesongen i United var han ute av fyrste-ellevaren, gjekk så tilbake til Ajax sommaren 1985. Med Ajax Amsterdam vann han den nederlandske cupen i 1986, så vel som i 1987. Høgdepunktet med Ajax var likevel triumfen i cupvinnarcupen 1987.
Mühren deltok i perioden 1978-88 i 23 av Nederland sine fotballandskampar og skåra tre mål. Han fekk sin landslagsdebut i Tunis, men møtte vente tre år på sin neste landskamp. I 1981 spelte han fem kampar og skåra to mål i den for Nederland mislukka VM-kvalifiseringa. Etter fire-og-eit-halvt år utanfor landslaget spelte han sine 15 siste landskampar over ein periode på 18 månader i tida fram til EM-finalen 1988. Han høyrde til fyrste-ellevaren i alle fem EM-kampane, finalen som enda med siger 2-0 over Sovjetunionen vart han siste i landslagstrøya.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.