From Wikipedia, the free encyclopedia
Arnfinn Bergmann (14. oktober 1928–13. februar 2011)[1] var ein norsk skihoppar og lærar frå Trondheim. Bergmann vann gullmedaljen i hopprennet under dei olympiske vinterleikane i 1952, føre landsmannen Torbjørn Falkanger. Han er den einaste hopparen som i same sesongen har vunne både olympisk gull, noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Bergmann var medlem av Sportsklubben Freidig og seinare av Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.
Arnfinn Bergmann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. oktober 1928 Trondheim |
Død |
13. februar 2011 (82 år) |
Yrke | fotballspelar, skihoppar |
Arnfinn Bergmann på Commons |
Bergmann slo gjennom i 1949-sesongen då han kom han tredjeplass under noregsmeisterskapen, ein annan ny storhoppar, Torbjørn Falkanger, vart klar vinnar. Året etter kom han med i den norske VM-troppen, og vann bronsemedaljen under Ski-VM i 1950 i Lake Placid. Landsmannen Hans Bjørnstad sørgde for norsk VM-siger. 1952-sesongen vann han i rekkefølgje NM-gull, OL-gull og hopprennet i Holmenkollen, det siste eit nesten reint norsk stemne. Både under noregsmeisterskapen og i olympiaden viste han Torbjørn Falkanger til sølvplass.
Bergmann vart noregsmeister også i 1953 og 1958. I 1953 vart Arne Ellingsen utropt til meister, men etter finrekning vart Bergmann erklært vinnar med 0,1 poengs forsprang. Sitt tredje og siste NM-gull vann han i ei jamn tevling, Sverre Stenersen og Kjell Kopstad kom på dei andre medaljeplassane. Bergmann fekk bronsemedalje under meisterskapane i 1955, 1957 og 1959.
I 1953 vann han den italienske hoppveka, og i 1955 den sveitsiske hoppveka. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1953/54, der han samanlagt vart nummer fem. I to av renna kom han på pallen, utan å gå heilt til topps.
Arnfinn Bergmann fekk Holmenkollmedaljen i 1956.
Bergmann arbeidde om lag 30 år som lærar i Oslo og Bærum, lengst ved Hosletoppen skule, der han var i 25 år. Som pensjonist busette han seg atter i Trondheim. Der var han med i arbeidet med å utvikle skimuseet på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.