i språkvitskapen From Wikipedia, the free encyclopedia
Med analogi meiner ein i språkvitskapen det at ei språkleg ovring blir endra etter mønster av ei anna språkleg ovring.
Ordet analogi kjem av klassisk gresk ἀναλογία f 'proporsjon, jamhøve', og det greske ordet blei sett om til latin med prōportiō f 'jamhøve, samsvar, proporsjon, analogi'.
Ein framstiller ofte ein analogi formelt som eit samsvar mellom a–b og c–d, slik at tilhøvet mellom a og b er proporsjonalt med tilhøvet mellom c og d. Det romerske retorikklæraren Mārcus Fabius Quīntiliānus (35–96 e.Kr.) gjev dette dømet på ein analogi i læreboka Īnstitūtiō Ōrātōria V.XI.26:
Her kan vi setje opp denne analogien:
Å argumentere gjennom ein analogi er eit retorisk hjelpemiddel som har vore skildra sidan antikken.
Eit døme frå morfologien har vi når fleirtalsformene av det norske substantivet SAU i mange dialektar har blitt endra frå sauer, sauene til sauar, sauane, etter det vanlegaste bøyingsmønsteret for norske substantiv med genuset maskulinum, eller når fleirtalsformene av det norske substantivet ELV i mange dialektar har blitt endra frå elvar, elvane til elver, elvene, etter det vanlegaste bøyingsmønsteret for norske substantiv med genuset femininum. Døme på substantiv som frå gamalt av følgjer dei vanlegaste bøyingsmønstera for substantiv i høvesvis maskulinum og femininum, er HEST og SKÅL, med fleirtalformene hestar, hestane og skåler, skålene.
På norrønt fanst det nokre få verb som ikkje kravde subjekt, mellom anna verb for ulike typar vêr:
I moderne norsk krev desse verba eit subjekt, det «upersonlege» det. Ein kan kalle den endringa som her har skjedd, for ein analogi. Verba rigna 'regne' og snjóa 'snøe' har tilpassa seg det vanlege mønsteret for norske setningar, med eit obligatorisk subjekt.
Det norske verbet handtere tyder mellom anna 'bruke el. behandle (ein reiskap, eit hjelpemiddel, eit materiale o. l.)'.[1] Når ordet blir skrive handtere i staden for hantere, er det fordi ein tenkjer seg at ordet heng i hop med substantivet hand, noko det ikkje gjer historisk. Handtere er lånt frå nedertysk, hanteren 'vitje ofte, drive handel', som igjen kjem av fransk hanter 'ha omgang med'. Endringa hantere > handtere har skjedd i analogi med hand.[2] På nynorsk er denne analogien reint ortografisk, sidan handtere og hantere begge lyt uttalast [han¹teːre], og det handlar truleg om ein påverknad frå bokmål/dansk, som har håndtere, slik at analogien ikkje berre gjeld skrivemåten, men også uttalen.
Det vanlege namnet på leksikalsk analogi er «folkeetymologi».
Endringane i kvantitetssystemet frå norrønt til moderne norsk kan framstillast som ein fonologisk analogi.[3] Norrønt hadde fire kvantitetsmønster i trykksterk staving (V = vokal; C = konsonant)
Mønster (1) og (4) var mindre vanlege enn (2) og (3), og det fyrste som skjedde frå overgangen frå norrønt til mellomnorsk, var:
I Nord-Gudbrandsdalen har enno berre endring b skjedd, i delar av Setesdalen berre endring a. I resten av landet har både a og b skjedd, med mindre unnatak.
Visse typar endringar som ofte blir sedde på som "folkeetymologiske" (sjå avsnittet "Frå leksikon" over), kan kanskje tolkast som fonologisk analogi. Det er relativt vanleg at ordet legitimasjon blir uttala som om det var skrive legimitasjon, truleg av di …mitasjon er ein vanlegare fonemsekvens enn …timasjon.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.