From Wikipedia, the free encyclopedia
Retorikk er læra om talekunst. I moderne tid vert retorikken ofte definert som læra om overtaling.
Ordet retorikk kjem via tysk Rhetorik frå latin rhētorica, ei forkorting av ars rhētorica 'talekunst', som er laga etter mønster av klassisk gresk rhētorikḕ tékhnē ῥητορικὴ τέχνη 'talekunst'. Adjektivet rhētorikḗ ῥητορική er avleitt av substantivet rhḗtōr ῥήτωρ 'offentleg talar', ei nomen agentis-avleiing av verbet erō ἐρῶ / *rhéō *ῥέω 'eg talar, eg seier'.
Retorikken voks fram i antikken, og var opphavleg ein del av dei frie kunstane, og utgjorde saman med grammatikk og dialektikk trivium. Sofistar som Protagoras og Gorgias var mellom dei første retorikarane.
Cicero og Quintilian var framståande representantar for den romerske retorikken.
På 1800-talet vart retorikken oppfatta som gamaldags og mekanisk, men etter andre verdskrigen har interessa auka. Den klassiske retorikken har vorte vidareutvikla med nye innslag frå lingvistikk og kommunikasjonsforsking.
Kjende retorikarar i vår tid er Ernst Cassirer og Kenneth Burke.
I klassisk retorikk:
Genus iudiciale - rettstalar - talaren skuldar eller forsvarar einkvan om gjerningar gjort i fortid.
Genus deliberativium - politiske talar - talaren tek stilling i ei sak med delte meiningar. Analyse, råd om framtida.
Genus demonstratium - festtalar - talaren vil gjere publikum venleg eller kritisk innstilt til einkvan. Notidig.
I retorikken kan ein overtyde på ulike måtar:
Dosere - «å undervise», talaren vender seg til publikums logos («fornuft») ved hjelp av argument.
Delectare – «å velhage», talaren får lyttaren venlegstemt med sjarm og tiltru - etos.
Movere – «å røyve», talaren vekkjer patos, «sterke kjensler», hjå publikum.
Ifølgje Cicero er dei fem arbeidsstadia:
Intellectio – Å skjøne. Talaren analyserer emnet og språksituasjonen.
Inventio – Å finne. Talaren samlar stoff og argument pro et contra.
Dispositio – Å ordne. Talaren ordnar dei ulike elementa i talen.
Elocutio – Å formulere. Talaren fyller disposisjonen med innhald og velvalde ord.
Memoria – Å hugse. Talaren lærer innhaldet utanåt.
Actio – Å framføre. Stemmebruk, gestar og mimikk.
I klassisk retorikk deler ein talen i ulike delar, dispositio.
Exordium – Innleiing, kort presentasjon av emnet, og forsøk på å oppnå Captatio benevolentiae, «vinnande velvilje» hjå lyttaren.
Narratio – Forteljing, gjer kort greie for bakgrunnsinformasjon, som grunnlag forr den komande argumentasjonen.
Propositio – Framstilling, talaren presenterer tesen som talaren i framhaldet av talen vil argumentere for.
Argumentatio – Argumentasjon, talaren forsvarer tesen med hjelp av argument. Han tek til med probatio, «prov», det vil seie at han presenterer argument for tesen, for så å halde fram med refutatio dvs. avvising av eventuelle motargument.
Peroratio – Avslutting, gjerne med racapitulatio, d.v.s. eit «samandrag» av argumentasjonen som talen inneheld
I den klassiske retorikken kan ein forbetre talen, elocutio, ved å nytte tropar og figurar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.