Al Ain
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Al Ain (arabisk skrift العين), òg kjend som Hagebyen på grunn av dei grøne områda, er den nest største byen i emiratet Abu Dhabi og den fjerde største byen i Dei sameinte arabiske emirata. Byen har eit folketal på 568 221 (2010) og ligg kring 160 km aust for hovudstaden Abu Dhabi og kring 120 km sør for Dubai. Al-`Ain er fødestaden til sjeik Zayed bin Sultan Al Nahyan, den første presidenten i Dei sameinte arabiske emirata, og han har det største talet på emiratarabiske nasjonale i landet.
Al Ain | |||
العين | |||
by | |||
Utsyn over Grøne Mubazarrah | |||
Land | Dei sameinte arabiske emirata | ||
---|---|---|---|
Emirat | Abu Dhabi | ||
Høgd | 292 moh. | ||
Koordinatar | 24°12′27″N 55°44′41″E | ||
Areal | 13 100 km² | ||
Folketal | 518 316 (2012) | ||
Folketettleik | 40 / km² | ||
Sjeik | Khalifa bin Zayed Al Nahyan | ||
Tidssone | UAE standardtid (UTC+4) | ||
Verdsarvstad | |||
År | 2011 (#35) | ||
Kriterium | iii, iv, v | ||
Al Ain 24.2075°N 55.744722222222°E | |||
Kart som viser Al Ain.
| |||
Wikimedia Commons: Al Ain (Abu Dhabi) | |||
Al-`Ain ligg i emiratet Abu Dhabi, inn i landet ved grensa til Oman. Motorvegane mellom Al-`Ain, Abu Dhabi og Dubai dannar ein geografisk trekant i landet, og kvar by ligg kring 130 km frå dei andre to.
Historisk var byen ein del av Ṫawam eller Al Buraimi-oasen. Al-`Ain har vore busett i over 4 000 år med arkeologiske spor etter busetnader i Al-Hili og Jabel Ḥafeeṫ. Desse tidlege kulturane bygde «bikube-graver» for sine døde og dreiv med jakt og samling i området. Oasen gav vatn til tidleg jordbruk fram til moderne tid.
Ein følgjesvein av den islamske profeten Muhammed, Ka`ab Bin Ahbar, vart visstnok send til regionen for å introdusere islam for folket. Han slo seg ned og døydde i oasen.[1]
Fortet som i dag står i Al-`Ain vart bygd seint å 1800-talet eller 1900-talet for å forsterka kontrollen til Abu Dhabi over oasen. Wilfred Thesiger vitja Al-`Ain seint i 1940-åra under reisene sine over Den tomme fjerdedelen. Han møtte sjeik Zayed og budde hos han i Al-Muwaiji-fortet. Dette nettverket av festninga tente som handels- og slaveposta for området.
I 1952 sende Saudi-Arabia soldatar for å erobre Al-`Ain-festningane og innlemme oasen i det saudiarabiske kongedømet. Omanske styrkar og hæren til Flugat-Oman kom og erobra attende oasen. Med britisk innblanding overgav dei saudiarabiske styrkane seg og let oasen gå attende til Abu Dhabi og Flugat-Oman.
Før sjølvstendet var Al-`Ain ein del av det arabiske slavehandelsnettverket som strekte seg frå Aust-Afrika til Persiabukta. I 1960-åra avskaffa sjeik Zayed formelt slaveriet. I dag stammar somme familiar i byen frå desse slavane.
I 1971 vitja dronning Elizabeth II Hilton Hotel i området på reisa hennar i Persiabukta. Etter sjølvstendet i 1971 voks Al-`Ain raskt større enn den omanske Al-Buraimi. I 1972 vart Oman og Abu Dhabi endeleg samde om grensa mellom Al-Buraimi og Al-`Ain. Fram til sjeik Zayed døydde i 2004 var det forbod mot å byggje byggningar høgare enn fire etasjar i Al-`Ain, med unntak av hotella Hilton, Danat Al Ain Resort og Rotana.
I 1990-åra oppstod det store opprør hos arbeidarar i industridistriktet Aṣ-Ṣana`iya i Al-`Ain. Dette opprøret vart undertrykt av den emiratarabiske hæren og lokale politistyrkar. Alle arbeidarane som var involvert vart internert og deportert.
Fram til 2006 var det open grense mellom Al-Buraimi og Al-`Ain. Grensa vart stengd i november 2006 og det vart innført passkontroll.
Al-Ain ligg aust i emiratet Abu Dhabi like sør for Dubai og aust for Abu Dhabi. Dei austlege områda dekkjer kring 13 100 km². Oman ligg i aust, Dubai og Sharjah i nord, Abu Dhabi i vest og ørkenen Den tomme fjerdedelen og Saudi-Arabia i sør. Topografien i Al-`Ain er unik og varierer på veg austover. Jebel Hafeet (Hafeet-fjellet) vert rekna som eit av monumenta i Al-`Ain, og ligg like mot søraust og stig til 1300 meter over havet. Sanddyner av varierande form er farga raud av jernoksid nord og aust for Al-Ain.
I Al-`Ain er årsmiddelnedbøren 96 mm og ei gjennomsnittleg relativ fukt på 60 %. Den låge fukta i Al-`Ain, særleg om sommaren, gjer at det er ein populær feriestad. Boer (1997) klassifiserte klimaet i Emiratane som særs tørt og delte det inn i fire klimaområde: Kystsonen langs Persiabukta, fjellområda nordaust i llandet, grusslettene kring Al-`Ain og den sentrale og sørlege sandørkenen. Det kjem meir nedbør i nordaust enn i sør og vest.
Al-`Ain-oasane er kjende for det underjordiske vatningssystemet «falaj» (eller qanāt) som fører vatn frå borehol til gardar og palmetre. Falaj-systemet er eldgamalt og går fleire tusen år attende, og har hovudsakleg blitt nytta i Oman, Dei sameinte arabiske emirata, Kina, Iran og andre land. Al-`Ain har sju oasar. Den største er Al Ain-oasen, nær Gamle Sarooj, og den minste er Al-Jahili-oasen. Dei andre er Al-Qaṭṭara, Al-Mu`ṫaredh, Al-Jimi, Al-Muwaiji og Al-Hili.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.