Al-Shaykh Maskin (arabisk الشيخ مسكين, òg skrive Sheikh Miskin, Sheikh Maskin eller Eshmiskin) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nord for Daraa. Av stader i nærleiken finn ein Ibta' og Da'el i sør, Khirbet al-Ghazaleh i søraust, Izra' i nordaust, Nawa i nordvest og Sheikh Sa'ad i vest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) census, hadde al-Shaykh Maskin eit folketal på 24 057 i 2004.[1] The innbyggjarar are predominantly sunnimuslimar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
al-Shaykh Maskin
الشيخ مسكين
by
Thumb
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Izra-distriktet
Nahiyah Al-Shaykh Maskin
Koordinatar 32°49′42″N 36°9′31.5″E
Folketal 24 057  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Thumb
Al-Shaykh Maskin
32.829444444444°N 36.159444444444°E / 32.829444444444; 36.159444444444
Thumb
Kart som viser Al-Shaykh Maskin.
Kart som viser Al-Shaykh Maskin.
Wikimedia Commons: Sheikh Maskin city
Lukk

Historie

Clermont-Ganneau meinte at bynamnet kunne kome frå «Den spedalske sjeiken», som i Bibelen er Job.[3] Al-Shaykh Maskin har blitt identifisert som den romerske staden «Neapolis.» på 300-talet hadde Neapolis vokse og blitt ein by.[4] Det vart vigsla ei kyrkje der i 517 under Austromarriket.[5] I den korte artikkelen i Catholic Encyclopedia frå 1911, skriv Siméon Vailhé at mange autoritetar på den tida meinte at Al-Shaykh Maskin kan ha vore den antikke byen og bispesetet Maksimianopolis i Arabia,[6] som i dag er identifisert som nærliggande Shaqqa.[7][8]

Den osmanske tida

Det osmanske riket annekterte regionen i 1516. I denne tida var al-Shaykh Maskin busett av lokale beduinar som nytte godt av den årlege pilegrimsferda hajj til Mekka ved å gje pilegrimane kamelar for ruta vidare.[9] I 1596 var al-Shaykh Maskin oppført i osmanske skattelister som Samsakin og var ein del av Bani Malik al-Asraf nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 56 hushaldningar og 17 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[10]

I 1850-åra bestod al-Shaykh Maskin av kring 100 hus og alle innbyggjarane var muslimar.[11] Hovudnæringa i byen på 1800-talet var kornproduksjon, som vart eksportert lokalt. Tømmer og klede var viktige importvarer. Godstrafikken gjekk via jernbanestasjonen i byen, som òg tente alle landsbyane mellom Sheikh Maskin og Lejah-regionen. Han voks kraftig mellom 1891 og 1900.[12] Byen var heimstad til fleire administrative kontor for det lokale styret i Hauran på siste halvdel av dette hundreåret.[13]

Sjeiken var Ahmed al-Hariri, òg kjend som Ahmed al-Turk, som tente som Sheikh Mushaikh al-Hauran («sjefen over alle sjefar i Hauran»). Familien hans hevda å vere etterkomarar etter den islamske profeten Muhammed og var derfor kalla sharifar. Etter striden mellom drusarar og kristne i området i 1860, leia sjeik Ahmed al-Turk ein styrke på 200 stammemenn til Daraa, og redda over 500 kristne i byen frå eit føreståande åtak frå drusarane frå Lejah, som styrkane hans utsletta heilt. Han bad så ale sjeikane i området som var underlagt han, om å spare liva til dei kristne, noko dei òg gjorde.[2]

I 1895 flykta innbyggjarar frå dusenvis av landsbyar øydelagde av drusarane til al-Shaykh Maskin. Drusarane gjekk til strid då det kom ut eit osmansk påbod om at alle drusiske menn måtte avtene verneplikt i den osmanske hæren. Osmanske soldatar mobiliserte ved al-Shaykh Maskin fore å førebu utskriving av drusarar til verneplikta.[14] Cuinet skreiv i 1896 at al-Shaykh Maskin hadde 800 innbyggjarar, inkludert 400 muslimar og 400 gresk-ortodokse,[15] medan Gottlieb Schumacher i 1897 skildra byen som «stor og velståande».[16]

Den syriske borgarkrigen

Den 24. mars 2012, under den syriske borgarkrigen som byrja i mars 2011, braut det ut strid mellom opprørarar og den syriske hæren i al-Shaykh Maskin, i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar, ei aktivistgruppe som dokumenterer krigen. Byen vart bomba av hæren.[17] Den 29. mars rapporterte Observatory at det hadde vore daglege samanstøytar i byen.[18] Tunge kampar vart rapportert den 4. april.[19]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.