From Wikipedia, the free encyclopedia
Shaqqa eller Shakka (arabisk شقا) er ein by sør i Syria i As Suwayda guvernement , med kring 8 000 innbyggjarar. Innbyggjarane er hovudsakleg drusarar, etterkomarane etter dei som flytta hit frå Libanon på 1700- og 1800-talet.
Shaqqa | |||
شقا | |||
by | |||
Al-Qaysariye-palasset i Shaqqa | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | As-Suwayda guvernement | ||
Distrikt | Shahba-distriktet | ||
Høgd | 1 070 moh. | ||
Koordinatar | 32°53′50″N 36°41′53″E | ||
Folketal | 8 000 | ||
Shaqqa 32.895833333333°N 36.694722222222°E | |||
Kart som viser Shaqqa.
|
I antikken vart han kalla Saccaea (òg skrive Sakkaia). I 287 evt. fekk han bystatus og namnet Maximianopolis.[1][2][3] Sidan han låg i den romerske provinsen Arabia, er han skild frå andre byar med namnet Maximianopolis i Arabia.
Shaqqa ligg nord i utkanten av vulkanplatået Jabal el Druze i ei høgd på 1070 meter over havet, 7 km aust for Shahba og kring 25 km nord for As-Suwayda, hovudstaden i guvernementet.
Frå antikken finst det restar etter fleire bustadhus som er rikt utsmykka. I tillegg finst her:
Maximianopolis i Arabia hadde utan tvil ein romersk garnison,[1] og var ein colonia,[4] den høgaste rangeringa ein by kunne ha i riket. Han nytta ein kalender som talde åra frå då Maximian vart keisar (286 evt.).[5] Ein inskripsjon nemner eit tempel for Zevs Megistos,[6] og ein annan som ber eit epigram om filosofen Proclus.[6]
På 400-talet var Maximianopolis eit bispesete,[1] og biskopen Severus var ein av dei som signerte ved kyrkjemøtet i Kalkedon i 451.[7][8] Ein inskripsjon frå 594 talar om ein lokal biskop, kalla Tiberinus, som vart reiste ein martyrium for St. Georg og andre martyrar.[9] Ein annan inskripsjon nemner ein biskop Peter.[10]
Bispesetet Maximianopolis i Arabia er oppført på lista over bispesete i den katolske kyrkja.[11] På 1800-talet vart han feilaktig kalla «Maximopolis», fram til det vart retta i 1885.[10] Somme kjelder frå den same perioden foreslo at Maximianopolis i Arabia var byen Sheikh Miskin.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.