From Wikipedia, the free encyclopedia
Afghanarar er innbyggjarar av Afghanistan og etterkomarane deira. Ordet «afghan» (dari og pasjto افغان, afḡān) har tradisjonelt vore brukt om pasjtunarar, men kan i dag også visa til dei andre folkegruppene i landet, som tadsjikar, hazarar og usbekar og ei rekkje mindre grupper.[1]
35-55 % av afghanarar har pasjto som morsmål medan 25-50 % snakkar dari (persisk).[2] Dei ulike minoritetsgruppene kan ha usbekisk, turkmensk, urdu, arabisk, balutsji og andre mindre språk som morsmål. Det er vanleg å kunna fleire språk, særleg blant folk som bur i byar.
Det lever rundt 31 millionar afghanarar i Afghanistan eller like over grensa i Pakistan eller Iran.[3] Rundt ein femtedel av desse bur i byar medan resten bur på landsbygda.[4] Her er landbruk den viktigaste levevegen, og fram til 1970-talet var mange afghanarar nomadar eller halvnomadar. Handel og transport er også viktige levevegar.[5]
I andre land bur det mindre tal afghanarar som særleg har drege frå landet på grunn av den urolege stoda der sidan den sovjetiske invasjonen i 1978 og krigane som følgde. Det største talet på afghanarar etter Iran og Pakistan finn ein i Dei sameinte arabiske emirata (ca. 300 000 i 2006), Tyskland (126 334 i 2006) og USA (90 000 i 2013). Ved byrjinga av 2013 var ifølgje SN ein tredel av alle flyktningar i verda afghanarar.[5]
Det store fleirtalet av afghanarar er muslimar. Rundt 80-89 % av befolkninga i Afghanistan er sunnimuslimar, 10-19 % er sjiamuslimar og eit mindra tal er ismailiar. 1 % eller mindre er sikhar, hinduar eller noko anna.[6] Tidlegare religionar blant afghanarar er buddhisme og parsisme. I Nuristan (Hindukush) hadde stammefolk heilt fram til 1890-åra, då dei blei tvangsomvend til islam, eigne religionar som slektar på gammal vedisk gudstru.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.