Afqa eller Afka er ein landsby og kommune som ligg i Jbeil distrikt i Libanonfjella guvernement, 71 km nordaust for Beirut i Libanon.[1][2]
Afqa | |||
Apheca, Afeca, Afka | |||
landsby | |||
Afqa-grotta | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Jbeil distrikt | ||
Høgd | 1 200 moh. | ||
Koordinatar | 34.069167°N 35.886111°E | ||
Areal | 9,34 km² | ||
Afqa 34.069166666667°N 35.886111111111°E | |||
Kart som viser Afqa.
| |||
Wikimedia Commons: Afqa | |||
I antikken vart han kalla Apheca eller Afeka, som kan tolkast som «kjelde»,[3] ligg i fjella i Libanon, kring 20 km frå den antikke byen Byblos, som framleis ligg like aust for byen Qartaba.[4] ein av dei flottaste fossane i Midtausten ligg her,[5] i Adoniselva (i dag kalla Abrahamelva eller Nahr Ibrahim på arabisk),[6] som dannar Yammounesjøen, som er knytt til ei segn.[7]
I gresk mytologi vart Adonis fødd og døydde ved foten av fossen i Afqa. Ruinane av det hylla tempelet til Afrodite Afakitis— Afrodite-guden som var særeigen for denne staden—[8] ligg der.[6] Sir Richard Francis Burton og Sir James Frazer tileignar òg tempelet i Afqa til Astarte eller Ishtar (Astoreth).[9][10] Afqa ligg mellom Baalbek og Byblos, og peikar mot solnedgang ved sommarsolkverv i Middelhavet. Det er frå Byblos at segna vart fortalt om ei mytisk ark som kom til lands med leivningane etter Osiris. Arka vart sitjande fast i ei myr fram til Isis fann ho og bar ho attende til Egypt.[11]
Skildring
Fossen i Afqa er kjelda til Adoniselva og flyt over ei 200 meter høg klippe som dannar eit enormt, naturleg amfiteater.[4] Elva spring ut frå ei stor kalksteinsgrotte i klippeveggen med smeltevatn frå fjella.[4]
Det låg eit stort og gammalt tempel her, der rituell prostitusjon vart praktisert fram til Konstantin si tid.[12] Sir James Frazer meiner det var kong Cinyras som bygde tempelet, som var sagt å ha grunnlagd det for Afrodite.[10] Det vart påbygd i hellenistisk tid av keisar Konstantin den store på 300-talet,[13] og vart delvis bygd om av den seinare keisaren, Julian den fråfalne.[4] Staden vart til slutt frå flytta under regjeringstida til Theodosius I.[4] Massive blokker og fine søyler av syenitt markerer staden på ein terrase som vender mot kjelda til elva.[10] Ruinane av ein romersk akvedukt som førte vatn frå Adoniselva til innbyggjarane i Jebail.[4]
Edward Robinson og Eli Smith slo leir ved staden i 1852 og skreiv berre «formlause ruinar» og vanskane med å transportere to massive søyler av syneitt-granitt.[14] Sir James Frazer skildra landsbyen ved Afqa i boka hans frå 1922, The Golden Bough som
- ...ein ynkeleg landsby som framleis ber namnet Afqa øvst i den ville, romantiske og skogkledde Adonisdalen. Grensa ligg mellom lundar av valnøttre. Litt bortafor strøymer elva ut av ei grotte ved foten av eit mektig amfi av stupbratte klipper, og stuper ned i rekkje kaskadar og ned i skaret. Jo djupapre han fell, dess høgare og tettare veks vegetasjonen, og det spirer frå sprekkene i klippene som dannar eit grønt teppe over dei buldrande straumane i den enorme kløfta under. Det er noko deilig, nesten rusande, i dette friske, tromlande vatnet, i denne søte, reine fjellufta, i det grøne, frodige landskapet.[10]
Libanonkrigen i 2006
Under Libanonkrigen i 2006, var Afqabrua, som knyter Libanonfjella til Beqaadalen ei av fem bruer som vart øydelagd av israelske jetfly.[15]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.