From Wikipedia, the free encyclopedia
Ishtar eller Istar (Isjtar, Ištar, Ischtar, Ishhara, Irnini) var den assyriske og babylonske gudinna for fruktbarheit, krig, kjærleik og sex.[1] Ho tilsvarte sumeriske Inanna og var nærskyldt med den nordvestsemittiske gudinnen Astarte. Ishtar var òg den viktigaste gudinna til akkadiarane.
Istar, eller også Ashtart, er det vanlegaste namnet på den store modergudinna hos dei semittiske folkeslaga, som av og til òg blei kalla Asherah. Grekarane assimilerte henne – under namnet Astarte – til Afrodite. I det vestsemittiske panteonet er ho maken til himmelguden El, der Ashtart er hovudguddommen til kulten. Det var for hennar skuld at den sakrale tempelprostitusjonen blei driven på høgdene der ein, i tråd med magisk tenking ved analogi, ville bidra til å auka grøderikdommen til jorda og fruktbarheita til buskapen.
Ishtar var dotter av Sin eller Anu.[2] Ho var særleg dyrka i dei assyriske byane Ninive, Ashur og kanskje òg Arbela (dagens Erbil.[2] Forutan lauva ved porten hennar, var symbolet hennar den åttekanta stjerna.[3] I den babylonske gudeverda var ho den guddommelege personleggjeringa av planeten Venus.[2]
Ishtar var guddom for kjærleik og krig, og var framfor alt assosiert med seksualitet. Kulten hennar innebar heilag prostitusjon; den heilage byen hennar Uruk blei kalla «byen med dei heilage kurtisaner»; sjølv blei ho kalla for «kurtisana til gudane».[4][5][2]
Ein av dei best kjende mytane knytte til Ishtar fortel om nedgangen hennar til underverda. I denne myten kjem Ishtar fram til portane i underverda og krev at portvaktaren opnar dei.
Portvakta skundar seg for å fortelja Ereshkigal, dronninga i underverda, om dette. Ereshkigal ber dørvaktaren sleppa Ishtar inn, men «etter dei gamle påboda».
Portvakta lèt Ishtar inn i underverda. Han opnar ei dør om gongen, og for kvar dør må Ishtar ta av seg ein del av kleda sine. Då ho har passert den sjuande døra, er ho naken. Rasande kastar ho seg mot Ereshkigal, men dronninga i underverda gjev tenaren sin Namtar ordre om å fengsla Ishtar og losna seksti sjukdommar på henne.
Etter at Ishtar har forlate jordoverflata og gått ned i underverda, opphøyrer all kjønnsleg omgang på jorda. Bodbringarguden Papsukkal fortel om situasjonen til Enki, kongen for gudane. Enki skaper då eit flerseksuelt vesen kalla Asu-shu-namir som han sender til Ereshkigal og ber vesenet påkalla «namnet til dei store gudane» mot henne og for å be om posen som inneheld livsens vatn. Ereshkigal blir rasande over krava til Asu-shu-namir, men er nøydd til å gi han livsens vatn. Asu-shu-namir dynkar dette vatnet på Ishtar og klarer såleis å gjenoppliva henne. Då Ishtar igjen går gjennom dei sju dørene får ho ein del av kleda sine tilbake for kvar dør, og er heilt kledd då ho passerer den siste døra.
Her er det eit brot i teksten som er att, og resten er gåtefullt:
Ei tolking av denne myten er at Ishtar sin nedgang fann stad etter at elskaren hennar Tammuz var død og at nedstigninga hennar var for å redda Tammuz frå verda til dei døde.[6] Nokre sider ved myten er blitt betre forstått etter oppdaginga av ein korresponderande myte om Inanna, den sumerske motparten til Ishtar, inkludert dei gåtefulle avslutningslinjene.[7] Ifølgje Inanna-myten kunne Inanna koma tilbake frå underverda om ho sende nokon ned dit i sin stad. Demonar går saman med henne for å sikra at ho kan senda nokon tilbake. Men kvar gong Inanna kjem over nokon, oppdagar ho at det er ein venn og lèt han gå fri. Då ho til sist når fram til heimen sin, oppdagar ho at mannen hennar Dumuzi (babylonske Tammuz) sit på trona si, og ikkje sørger over henne i det heile. I raseri lèt Inanna demonane ta med seg Dumuzi tilbake til underverda som erstatninga hennar. Dumuzi si syster Geshtinanna er ramma av sorg og held til frivillig halve året i underverda for at Dumuzi kan koma tilbake til dei levande si verd. Ishtar-myten har truleg ei samanliknbar avslutning der Belili er det babylonske tilsvaret til Geshtinanna.[8] Den greske myten om Demeter og dottera hennar Persefone, som måtte halda til halve året i underverda med Hades, hadde tilsvarande effekt på fruktbarheiten på jorda. I den tida Persefone er i underverda døyr veksten på jorda (hausten), og når ho kjem tilbake, veks dei igjen (våren).
Joseph Campbell, ein forskar i komparativ mytologi, har likestilt Ishtar, Inanna, og Afrodite, og trekk ein parallell mellom dei egyptiske gudinna Isis som pleidde Horus, og den babylonske gudinna Ishtar som pleidde guden Tammuz.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.