Abwein

From Wikipedia, the free encyclopedia

Abwein

Abwein (arabisk عبوين ) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, kring 37 kilometer nord for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Abwein eit folketal på 6 000 innbyggjarar i 2007.[1] Dei fleste innbyggjarane i Abwein er etterkomarar etter arabarar frå Tafilah i ørkenen i dagens Jordan.[2]

Kjappe fakta Land, guvernement ...
Abwein
عبوين
landsby
Thumb
Land  Palestina
guvernement Ramallah og al-Bireh
Koordinatar 32°1′57″N 35°11′57″E
Areal 16,2 km²
Folketal 5 500  (2006)[1]
Borgarmeister Fatima Sihweil
Thumb
Abwein
32.0325°N 35.199166666667°E / 32.0325; 35.199166666667
Thumb
Kart som viser Abwein.
Kart som viser Abwein.
Wikimedia Commons: Abwein
Lukk

Historie

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 53 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'youein, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Han noterte at landsbyen hadde rike vasskjelder, vakre valnøtt-tre, og hagar med fiken, oliven og granateple.[4] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Abwein som ein landsby i ei åsside med ein brunn i sør, og oliventre nedanfor seg i nord.[5]

Det britiske mandatet

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Abwain eit folketal på 543, alle muslimar.[6] Under folketeljinga i 1931 hadde Ibwein 171 busette hus og eit folketal på 695, framleis alle muslimar.[7]

I 1945 var folketalet 880, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 863 for plantasjar og irrigert land, 8 296 for korn,[9] medan 36 mål var klassifisert som utbygde område.[10]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.