50000 Quaoar
asteroide From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
50000 Quaoar (astronomisk symbol
) er eit transneptunsk-objekt i kuiperbeltet. Det blei oppdaga 4. juni 2002 av astronomane Chad Trujillo og Michael Brown ved California Institute of Technology ifrå bilete tekne ved Samuel Oschin Telescope ved Palomar-observatoriet.
Remove ads
Oppdaginga
Oppdaginga av Quaoar blei offentleggjord den 7. oktober 2002 under eit møte i regi av American Astronomical Society. Dei første bileta tekne av objektet er ifrå 25. mai 1954 der objektet er å finna på ei fotografisk plate ifrå Palomar-observatoriet. Objektet kvalifiserer seg kanskje til dvergplanetstatus gitt storleiken funne ifrå direkteobservasjon av romteleskopet Hubble.
Størrelse

Quaoar er estimert å ha ein diameter på 1260 ± 190 km, som på oppdagingstidspunktet gjorde at det var det største objektet funne i solsystemet sidan Pluto. Nyare observasjonar av romteleskopet Spitzer føreslår derimor ein mykje større albedo på 0,19 og som ei følgje av dette ein mindre diameter på (844.4 ±(+206,7, -189,6
Remove ads
Satellitt

Oppdaginga av ein satellitt i bane rundt Quaoar blei rapportert i IAUC 8812 den 22. februar 2007. Banen til satellitten er enn ikkje kjend. Satellitten blei funne 0,35 bogesekund unna Quaoar med ein magnitudedifferanse på 5,6. Med ein albedo lik hovudobjektet har han ein diameter på 100 km.[5]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

