33 (romartal XXXIII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjend som året då Ocella ogSulla var konsular (eller sjeldnare som år 786 ab urbe condita).
Denne artikkelen handlar om året 33. For talet, sjå talet 33.
Kjappe fakta Kategoriar ...
Lukk
- 3. april: Mogleg krossfestingsdato for Jesus frå Nasaret.[1][2][3][4] Ein annan mogleg dato støtta av mange andre forskararer 7. april i år 30.[5]
- Juli/august: Caligula gifta seg med Junia Claudilla.[6]
- 18. oktober: Etter å ha blitt send i eksil av Tiberius, først til Pompeii, så til øya Pandataria, døydde kona til Germanicus og barnebarnet til Augustus, Agrippine den eldre, av svolt.[7]
- Ei økonomisk krise i Roma førte til at verdien av land sokk, og mange familiar blei ruinerte. Keisar Tiberis såg seg nøydd til å opna ein kredittbank med 100 millionar sestertius som ein kunne ta opp rentefritt lån i over tre år.[8]
- Julia Drusilla, dotter av Germanicus, gifta seg med Lucius Cassius Longinus. Syster hennar Julia Livilla gifta seg med Marcus Vinicius[9]
- Gaius Rubellius Plautus, son av Gaius Rubellius Blandus og Julia Livia (barnebarn av den herskande romerske keisaren Tiberius)
- 3. april: Jesus frå Nasaret (mogleg dato).[1][2][3]
- 17. oktober: Agrippina den eldre[10]
- Drusus Caesar, son av Germanicus og Agrippina den eldre, adoptivson av Tiberius[11]
- Gaius Asinius Gallus, enkjemann etter Vipsania Agrippina og påstått elskar av Agrippina den eldre[12]
- Marcus Aemilius Lepidus, romersk senator og consul i år 6, svigerfar til Drusus Caesar[13]
Colin J. Humphreys and W. G. Waddington, "Dating the Crucifixion ," Nature 306 (December 22/29, 1983), pp. 743-46.
Fotheringham, J.K. (1934). «The evidence of astronomy and technical chronology for the date of the crucifixion». Journal of Theological Studies 35 (138): 146–162. doi:10.1093/jts/os-XXXV.138.146.
Blinzler, J. Der Prozess Jesu, fourth edition, Regensburg, Pustet, 1969, pp101-126
Rainer Riesner, Paul's Early Period: Chronology, Mission Strategy, Theology (Wm. B. Eerdmans Publishing, 1998), s. 58.
François Zosso et Christian Zingo, Les empereurs romains, s. 34.