Remove ads

Caligula, Gaius Julius Cæsar Augustus Germanicus (31. august 1224. januar 41), var den tredje keisaren av Romarriket, frå år 31 til 41. Han etterfylgde Tiberius. Namnet «Caligula» tyder 'den litle støvelen'. Han var den tredje keisaren i den julisk-klaudiske ætta. Han vart hugsa som ein despot på grunn av vellivnaden sin, og den sære, degenererte og råe framferda si. Den mest levande skildringa av livet hans er gjeven av historikaren Svetonius. Tacitus vil ikkje eingong nemne han, men det kan òg vere at skildringa hans er borte.

Thumb
Byste av Caligula
Kjappe fakta Periode, Fødd ...
Lukk

Det fyrste året som romersk keisar var Caligula vellukka. Men etter kvart stod han bak ei rekkje handlingar og ordrar som var både latterlege og skremmande. Han er seinare vorten kjend for å ha vore ein galen, despotisk tyrann. Han vart snikmyrda i 41 etter ei samansverjing av senatorar og fleire av vaktene hans. Caligula vart etterfylgd som keisar av Claudius (Tiberius Claudius Nero Germanicus).

Remove ads

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads