From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyvind Skaanes (fødd 29. mai 1968) er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Trondheim som representerte Strindheim IL. I VM 1991 i Val di Fiemme vann han saman med Terje Langli, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie gull på 4 x 10 km stafett. Han vart noregsmeister på 50 km i 1990. I tillegg har han ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregsmeisterskap.
Øyvind Skaanes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mai 1968 (56 år) Trondheim |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1991, Ski-VM 1997, 1993 Vasaloppet |
Skaanes debuterte i verdscupen i desember 1989 i US-Amerika med ein 13. plass. Hans beste individuelle resultat i verdscupen er to sjetteplassar. Fyrste gongen på 15 km i Trondheim i mars 1990, siste gongen på 30 km i Oberstdorf i desember 1996 (der det var sju norske løparar mellom dei åtte fremste på resultatlista).
Skaanes gjekk mange gode renn allereie i junioralderen. Sitt store gjennombrot fekk han i 1990-sesongen, då han vann sitt einaste noregsmeisterskap som senior. På NM-femmila på Gjøvik slo han sølvmedaljevinnaren Tor Håkon Holte med over tre minuttar. Året etter gjekk Skaanes sitt livs løp då han under Ski-VM 1991 gjekk fyrsteetappen på Noregs lag på 4 x 10 km stafett. Han rykte frå konkurrentane allereie tidleg på etappen og gav Noreg eit stort forsprang. I realiteten avgjorde han tevlinga. Dei neste fire sesongane var han langt unna internasjonalt nivå, og vart heller ikkje sidan så god som han hadde vore i 1990 og -91.
Skaanes la opp etter 1999-sesongen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.