From Wikipedia, the free encyclopedia
«Wrapping Paper» er ein song med musikk av Jack Bruce og tekst av Pete Brown[3], framført av Cream og opphavleg gjeven ut som singel i 1966. Singelen vart seinare gjeven ut på The Very Best of Cream. Songen har ein ganske særeigen stil, ein langsam jazz-song i stor kontrast til den harde blues bandet elles spelte på denne tida med songar som «N.S.U.» og popstilen på «I Feel Free». Singelen nådde 34. plass på den britiske singellista.
Wrapping Paper Singel av Cream | ||
B-side |
«Cat's Squirrel» | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1966[1] | |
Innspelt | August 1966 i Chalk Farm[2] | |
Sjanger | Blues-rock, jazz-fusion | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | Reaction Records 591 007[1] | |
Tekstforfattar | Jack Bruce | |
Låtskrivar(ar) | Jack Bruce, Pete Brown | |
Produsent | Robert Stigwood | |
Cream-kronologi | ||
Wrapping Paper | «I Feel Free» (Desember 1966)
|
Ginger Baker har hevda at han og Eric Clapton mislikte songen og at Bruce og Brown «gjekk bak ryggen på dei» for å få han gjeven ut på singel. Kor sant dette er, er vanskeleg å stadfeste. I eit intevju kalla Baker songen «den største drittsongen eg har høyrt nokon gong»[4]"
Teksten til «Wrapping Paper» omhandlar ein mann som har tapt kjærleiken sin og stadig oppdagar at han ser på bilete av seg sjølv og kjærleiken og ønskjer å dra attende til «huset ved breidda». Teksten har likskap til songar som «Dreaming» og «The Coffee Song».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.