Paul McCartney and Wings, eller berre Wings, var eit rockeband skipa i 1971 av det tidlegare Beatles-medlemmet Paul McCartney med kona i Linda på klaverinstrument, trommeslagaren Denny Seiwell, og den tidlegare Moody Blues-gitaristen Denny Laine. Wings var kjende for mange utskiftingar i besetninga og for den store suksessen sin. Dei hadde tre forskjellige gitaristar og fire trommeslagarar. Kjernen med McCartney-partet og Laine vart verande så lenge gruppa eksisterte.
Paul McCartney and Wings | |||
Fil:Wings 1976.jpg Wings, 1975. V-H: Joe English, Denny Laine, Linda McCartney, Jimmy McCulloch og Paul McCartney. | |||
Alias | Suzy and the Red Stripes The Country Hams | ||
---|---|---|---|
Opphav | England | ||
Aktiv | 1971–1981 | ||
Sjanger | Rock, softrock[1][2][3] | ||
Plateselskap | Apple, Capitol, Parlophone, Columbia | ||
Tidlegare medlemmer |
Etter McCartney-paret gav ut albumet Ram i 1971, vart dei to første albuma til bandet Wild Life og Red Rose Speedway (sistnemnde med gitaristen Henry McCullough), rekna som skuffande samanlikna med musikken Paul McCartney skreiv for The Beatles. Etter dei gav ut tittelsporet til James Bond-filmen Live and Let Die, slutta McCullough og Seiwell i bandet. McCartney-paret og Laine gav så ut Band on the Run i 1973, som vart ein stor suksess blant både kritikarane og fansen og gav to Topp 10-singlar med «Jet» og tittelsporet. Etter dette albumet henta bandet inn gitaristen Jimmy McCulloch og trommeslagaren Geoff Britton, men Britton slutta kort tid etter og vart erstatta av Joe English. Med den nye besetninga gav Wings ut Venus and Mars, med den amerikanske hitsingelen «Listen to What the Man Said», og drog ut på ein særs suksessrik verdsturné i 1975–76. Wings at the Speed of Sound kom ut midtvegs i turneen og inneheld hitsinglane «Silly Love Songs» og «Let 'Em In».
I 1977 gav bandet ut den einaste singelen deira som gjekk til topps i Storbritannia, «Mull of Kintyre», som vart den då bestseljande singelen i Storbritannia i historia. Det vart fleire utskiftingar i Wings då både McCulloch og English slutta før London Town kom ut i 1978. McCartney og Laine henta igjen inn nye medlemmar, gitaristen Laurence Juber og trommeslagaren Steve Holley. Albumet som kom ut av det, Back to the Egg, vart forholdsvis mislukka, og bandet vart sett på vent. Trass i ein siste song på toppen av den amerikanske singellista, eit konsertopptak av McCartney sin solosingel «Coming Up», vart Wings lagt ned for godt då Laine slutta i bandet i 1981.
Medverkande
Tidslinje
Besetningar
1971–1972 |
|
---|---|
1972–1973 |
|
1973–1974 |
|
1974–1975 |
|
1975–1977 |
|
1977–1978 |
|
1978–1981 |
|
Diskografi
- Wild Life (1971)
- Red Rose Speedway (1973)
- Band on the Run (1973)
- Venus and Mars (1975)
- Wings at the Speed of Sound (1976)
- London Town (1978)
- Back to the Egg (1979)
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.