From Wikipedia, the free encyclopedia
«We Will Rock You» er ein song framført av Queen og skriven av Brian May. Han er opningssporet på plata News of the World frå 1977. Dette året blei «We Will Rock You» gjeven ut saman med «We Are the Champions» som singel, og nådde topplistene fleire stader i verda.[2] Songen har ein enkel tramp- og klapperytme som saman med refrenget («We will, we will rock you») er særs kjend. Bortsett frå dei siste 30 sekunda der May speler ein gitarsolo, er songen gjerne framført acappella, med tramping og klapping som akkompagnement.
We Will Rock You Singel av Queen frå albumet News of the World | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 7. oktober 1977 | |
Sjanger | Arenarock[1] | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | EMI; Elektra | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Låtskrivar(ar) | Brian May | |
Produsent | Queen, Mike Stone | |
Queen-kronologi | ||
Long Away (1977) |
We Will Rock You | Spread Your Wings (1978)
|
«We Will Rock You» er blitt spelt inn, remiksa, sampla, parodiert og brukt i ei rekkje samanhengar, som på idrettsarrangement, fjernsyn, filmar og anna media.[3][4] Songen blei teken med i Grammy Hall of Fame i 2009,[5][6] rangert som nummer 338 i Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time i 2010,[7] og plassert som nummer 146 på Recording Industry Association of America (RIAA) si liste over Songs of the Century.
Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» blei skrivne etter ei hending under den britiske turneen til bandet i 1977.[8] Etter ein konsert på Bingley Hall i Birmingham med eit svært vokalt publikum framførte tilskodarane i med «You'll Never Walk Alone» som allsong etter at gruppa hadde gått av scena.[9] Gruppa blei einig om å gå inn for å oppmuntra publikum til å ta del i opptredenane sine for å framkalla ein liknande energi. May skreiv «We Will Rock You» neste dag.[10]
Både «We Will Rock You» og «We Are the Champions» vart skrivne som svar på ei hending under den britiske turneen deira i 1977.[11] Bandet hadde spelt ein konsert i Bingley Hall i Birmingham og i følgje Brian May:[12]
«...gjorde me eit ekstranummer og gjekk så av, og i staden for å berre klappe, song dei «You'll Never Walk Alone» til oss, og me vart berre heilt slått ut - det var ganske kjenslemessig, og eg trur at desse allsong-tingene er knytte til det.»
Ein versjon vart nytta som opningssporet på albumet News of the World i 1977. Denne versjonen består av ein tramp-tramp-klapp-pause-rytme, og eit mektig refreng som har blitt ein anthem. Bandet trampa og klappa sjølv i studio, om att og om att med delay-effekt, slik at det høyrtes ut som det var mange folk som deltok. Lengda på forseinkingane var primtalsforhold, ein teknikk som i dag vert kalla ikkje-harmonisk gjenklang.[13] Ei lydbandsløyfe vart nytta til å gjenta den siste frasen av gitarsoloen tre gonger, staden for at May spelte det tre gonger på innspelinga.[14]
Då songen vart framført på konsertane, følgde som regel «We Are the Champions» etter, sidan dei var meint å gå i lag.[2] Songane vert òg ofte spelt i lag på radio og på idrettsarrangement, der dei ofte vert spelte.[2] Dei var dei to siste songane Queen spelte på Live Aid i 1985.[15]
Queen spelte òg inn ein alternative versjon av «We Will Rock You» kjend som «fast version», med eit raskare tempo og der heile bandet spelar. Bandet brukte ofte denne versjonen på konsertane sine seint i 1970- og tidleg i 1980-åra, som ein kan høyre på Live Killers (1979), Queen on Fire - Live at the Bowl (2004), Queen Rock Montreal (2007), og den utvida utgåva av News of the World (2011). Det finst ein studioversjon av denne utgåva, spelt på radioprogrammet til John Peel på BBC Radio 1 i 1977.
Etter songen kom ut er han ofte å høyre på idrettsarrangement som ein «stadionanthem», mest på grunn av den enkle rytmen. Han var den mest spelte songen i 2008 og 2009 under National Football League, National Hockey League og Major League Baseball i USA.[16][17]
We Will Rock You Singel av Five + Queen frå albumet Invincible | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. juli 2000 | |
Innspelt | 1999 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:08 | |
Selskap | Sony BMG | |
Komponist | Brian May | |
Tekstforfattar | Brian May | |
Produsent |
| |
Five-kronologi | ||
«Don't Wanna Let You Go» (2000) |
We Will Rock You | «Let's Dance» (2001) |
Queen-kronologi | ||
«Under Pressure (Rah Mix)» (1999) |
We Will Rock You | «Flash (Vanguard Mix)» (2003)
|
I 2000 gav det engelske gutebandet Five ut ein versjon av «We Will Rock You». Han vart gjeven ut på det andre studioalbumet deira, Invincible (1999). Han kom ut 17. juli 2000 og vart spelt inn med to Queen-medlemmar: Brian May på gitar og Roger Taylor på trommer, men dei syng ikkje på songen.
Songen gjekk til toppen av UK Singles Chart, den andre singelen til Five som gjorde dette.[18]
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1977 | Frankrike (IFOP)[19] | 1 |
1992 | Belgia (Ultratop 50 Flandern)[20] | 45 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[21] | 26 | |
US Billboard Hot 100[22] | 52 | |
2003 | Frankrike (SNEP)[23] | 10 |
Tyskland (Media Control AG)[24] | 69 | |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[25] | 12 | |
Nederland (Mega Single Top 100)[26] | 9 | |
Sveits (Schweizer Hitparade)[27] | 49 | |
2006 | US Billboard Hot Digital Songs[22] | 36 |
2008 | Canada (Hot Canadian Digital Singles)[22] | 56 |
2011 | Spania (PROMUSICAE)[28] | 18 |
2012 | Japan Hot 100 Singles[22] | 95 |
Liste (2000) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[29] | 3 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[30] | 2 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[31] | 17 |
Belgia (Ultratip Vallonia)[32] | 4 |
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[33] | 17 |
Tyskland (Media Control AG)[34] | 8 |
YEAR AND WEEK MANDATORY FIELDS FOR IRISH CHARTS | 6 |
Italia (FIMI)[35] | 35 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[36] | 20 |
Nederland (Mega Single Top 100)[37] | 15 |
New Zealand (RIANZ)[38] | 29 |
Sverige (Sverigetopplistan)[39] | 35 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] | 18 |
UK Singles (Official Charts Company)[41] | 1 |
1990-åra
2000-åra
Guns N' Roses-songaren Axl Rose framførte songen med Queen på Freddie Mercury Tribute Concert.[58][59] U2 nytta songen som opningssong før dei gjekk på scenen under Zoo TV Tour i 1992.[60] Nirvana framførte songen i São Paulo i Brasil i 1992, der dei endra teksten til «we will fuck you».[61] Andre som har framført songen på konsertar er Alanis Morissette, Erreway, Anastacia, Robbie Williams, Korni, Kumi Koda, Sonata Arctica, Korn, Celine Dion, Stone Temple Pilots, New Kids on the Block, Joe Perry, My Chemical Romance, Christina Aguilera, Cee Lo Green, Adam Levine og Blake Shelton, Sum 41, Jessie J , Dappy og Fifth Harmony.
Songen er blitt sampla av mange rappar og hiphopartistar gjennom åra. Første gongen var i 1992 då Ice Cube sampla trampinga og klappinga på songen «When Will They Shoot?» på albumet The Predator. Eminem sampla songen to gonger, først på songen «'Till I Collapse» på The Eminem Show i 2002 og så igjen på songen «Puke» frå Encore. I 2010 nytta han i tillegg den same tramp-klapp-rytmen på songen «Cinderella Man» frå Recovery.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.