![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8c/Kenilworth_Castle_gatehouse_landscape.jpg/640px-Kenilworth_Castle_gatehouse_landscape.jpg&w=640&q=50)
Warwickshire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Warwickshire er eit grevskap i England. Det høyrer til regionen Vest-Midlands, og grensar mot West Midlands, Staffordshire, Leicestershire, Northamptonshire, Oxfordshire, Gloucestershire og Worcestershire. Administrasjonsbyen er Warwick. Dei største byane er Nuneaton, Rugby, Leamington Spa og Bedworth. Størstedleen av innbyggjarane i Warwickshire nur i nord og i sentrum av grevskapet.[1]
Kjappe fakta Land, Region ...
Warwickshire | |||
grevskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Midlands | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Warwickshire 52.333333333333°N 1.5833333333333°W / 52.333333333333; -1.5833333333333 | |||
Wikimedia Commons: Warwickshire | |||
Lukk
Det er ingen sameinte styresmakter i Warwickshire, og grensene for det seremonielle og det administrative grevskapet er derfor samanfallande.
Tidlegare var mykje av det vestlege Warwickshire dekt av Ardenskogen, som sidan 1600-talet nesten har forsvunne. Fleire landsbyar har namn som sluttar på «-in-Arden» fordi dei låg i denne skogen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/6/69/Warwickshire_Numbered.png)
1. North Warwickshire
2. Nuneaton and Bedworth
3. Rugby
4. Stratford-on-Avon
5. Warwick