![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Leicester_landmarks_montage.jpg/640px-Leicester_landmarks_montage.jpg&w=640&q=50)
Leicestershire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leicestershire (forkorta Leics.) er eit grevskap sentralt i England. Det er kalla opp etter storbyen Leicester, tradisjonelt administrasjonssenteret i grevskapet, sjølv om City of Leicester i dag er ei sameint styresmakt som vert styrt fråskild frå resten av Leicestershire. Grevskapet grensar til Derbyshire i nordvest, Nottinghamshire i nord, Rutland i aust, Warwickshire i sørvest, Staffordshire i vest, Lincolnshire i nordaust og Northamptonshire i søraust.
Leicestershire | |||
grevskap | |||
Motto: For'ard, For'ard | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Midlands | ||
Areal | 2 156 km² | ||
Folketal | 940 500 (2008) | ||
Status | Seremonielt og (mindre) ikkje-metropolitansk grevskap | ||
![]() Leicestershire 52.716666666667°N 1.1833333333333°W / 52.716666666667; -1.1833333333333 | |||
Wikimedia Commons: Leicestershire | |||
County Hall, i Glenfield, om lag 5 km nordvest for sentrum i Leicester er sete for Leicestershire grevskapsråd og hovudkvarteret for styresmaktene i grevskapet.
River Soar spring ut aust for Hinckley, heilt sør i gresvskapet, og renn nordover gjennom Leicester før ho munnar ut i River Trent der Derbyshire, Leicestershire og Nottinghamshire møter kvarandre. Store område i nordvest, rundt Coalville, er ein del av det nye National Forest-området som strekkjer seg inn i Derbyshire og Staffordshire. Det høgaste punktet i grevskapet er Bardon Hill på 278 meter over havet. Dette er òg ein såkalla marilyn.